Natt til 7. april 1934 skjedde ei av Norges største naturkatastrofer i Tafjord på Sunnmøre. Ein enorm fjellmasse styrta i fjorden og opptil 60 meter høge flodbølgjer slo inn over bygdene Tafjord, Fjørå og Valldal og drap 40 menneske.
I 2009 er det 75-årsmarkering for denne ulykka. Samtidig har ulykka fått ny aktualitet fordi fjellet igjen varslar om skred. Men kan det verkeleg kome ei ny Tafjordulykke?
I denne boka fortel forfattaren historia om Tafjordulykka i tekst og bilete, om den dramatiske ulykkesnatta, den store mediedekninga og skredforskinga som ulykka utløyste. Eit større kapittel er vigd Åknes/Tafjord-prosjektet, overvakinga av fjellmassiva som i dag truar fjordbygdene på indre Sunnmøre.
Sjå innslag om boka på NRK Møre og Romsdal (ekstern lenkje)