Ti gode alternativ til påskekrimmen

Har du påskelektyren klar til ferien? Her får du tips til gode leseopplevingar for store og små.

Einbreid bru

Maren Barlien

Nominert til Tarjei Vesaas' debutantpris!

«Ein imponerande debutroman» - Odd W. Surén, Dag og Tid

"En sår, kjær, autentisk og nydelig roman om det usannsynlige og sære forholdet mellom Astrid og Gudmundur, med en av de vakreste romansluttene jeg har lest på en stund» - Helle Hopland, Bøygen

Astrid fortel familien sin at ho skal studere musikk i Reykjavík, men i staden reiser ho ut på bygda for å arbeide med hestar. Langt frå musikken, tett på naturen, på den avsidesliggande garden til den aldrande psykologen Gudmundur Gudmundsson. Sakte blir ho ein del av livet hans der, sjølv om det raskt viser seg at ho ikkje er interessert i hest.

Kjøp Boka

Odel

Dordi Strøm

Vinnar av Lyttaranes romanpris 2023!

«Nifs, suggererande og gneistrande original.» - Anne Cathrine Straume, NRK

På garden Stein bur Olov og Inga med dei vaksne ungane Ommund og Odel. Ommund har hunden Bowie. Odel har dottera Liv. Men kven er far til Liv?

Det er haust, og dei velståande jegerane frå Austlandet har komme til garden for den årlege hjortejakta. Medan dei er ute i skogen, blir Bowie påkøyrd av ein bil, og like etter forsvinn Odel.

Liv har sine eigne måtar å finne svar på. I draumar får ho høve til å sjå Odel på nært hald, der ho kryssar det snødekte fjellet til hest i måneskin. Frå dei hemmelege romma sine - i hundekorga under kjøkkenbordet, i kråa på stua og framfor elden i kammerset om kvelden - lagar Liv forklaringar og historier.

KJØP BOKA

Austvestpassasjen

Ingvill Kjærstein 

Frykt og avsky i Japan.

«Ein gong hadde eg høyrt eit kvinneskrik i korridoren på eit love hotel. Lyden kom frå eit av romma. Ho blir drepen, hadde eg tenkt. Det var ingen tvil. Vi må redde ho, nesten ropte eg til Ayame, men ho lo berre. Hjelp er det siste ho treng, flirte ho og låste opp døra til rommet vårt. Men tanken på skriket sleppte ikkje taket, sjølv ikkje då vi låg med kvarandre.» Ei ung kvinne arbeider som engelsklærar i Kyoto. Ho bur i ei skrøpeleg leilegheit og held seg mest for seg sjølv. Dei stadige blikka og spørsmåla ho får, minner ho på at ho ikkje høyrer heime i landet, sjølv om ho har budd der i fem år og snakkar språket godt. Ein sein januarkveld ringer det på døra, men det er ingen der. Då det skjer igjen, byrjar tankane å spinne, og tryggleiken ho har bygd opp, tek til å krakelere. Etter kvart som menneske, naturkrefter og uforklarlege fenomen forstyrrar isolasjonen hennar, får ho stadig større problem med å halde omverda på avstand. «Austvestpassasjen» er ein roman om frykt, språk, einsemd og tiltru. Om å gje seg over til ein annan kultur og framande menneske. Om daglege trugsmål som får naturkreftene til å bleikne.

«Det er nettopp i språket Kjærsteins styrke ligger, i de mange klare bildene og den vakre flyten.» - Cathrine Krøger, Dagbladet

Kjøp boka

Tretti dagars mørke

Jenny Lund Madsen

Prislønt krim frå dansk serieskapar på norsk!

Den snobbete og drikkfeldige forfattaren Hannah Krause-Bendix, som attpåtil har skrivesperre, inngår i ein svak augneblink eit veddemål om å skrive ein kriminalroman på tretti dagar.

Redaktøren sender henne til Island for å finne inspirasjon og arbeidsro, og ho installerer seg hjå gjestmilde Ella i den vesle, fredelege tettstaden Húsafjör.ur. Under den rolege overflata viser det seg snart å vere sterke straumar. Etter berre nokre få dagar blir Ellas nevø Thor fiska opp av vatnet. Drukna. Som dei fleste andre på staden var han son av ein fiskar, men han hadde også heftig vasskrekk. Alle veit at Thor aldri ville ha nærma seg vatnet på eige initiativ, så korleis kan han ha drukna?

Hannah begynner å utforske dødsfallet. Det verkar som ein lovande start på ein krimklisjé, men snart blir ho omslutta av dei farlege hemmelegheitene i Húsafjördur. 

Frå dansk ved Maren Barlien Guntvedt.

Kjøp boka

Ein lykkeleg slutt

Maren Uthaug

Terningkast 5: «Forfattaren byr på ei familiesoge av den mest bisarre, morosame, vemmelege, sjokkerande, fargesterke og opplysande sorten» - May Grethe Lerum, Bok365 

«ei original og makabert morosam slektskrønike» - Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

Skjebnen, døden og kjærleiken.

Maren Uthaug fortel med grotesk humor om døden i alle slags fasettar - om epidemiar, nekrofili og spøkelse og om gravferdsritual og nyvinningar i bransjen. «Ein lykkeleg slutt» er ein fantasifull slektsroman som rommar 200 år med kulturhistorie om døden og minst sju kjærleikshistorier, og viser korleis nokon kan slå seg opp på andre si ulykke.

KJØP BOKA

Til jord skal du bli

Anders Totland

«Rølpete roman om en pensjonert prest som blir morder på side 1. Anbefales!» - Siss Vik, NRK.

Tragikomisk noir frå Finnskogen.

Det blir mykje på ein gong for Jacob Juul. På få dagar går han frå å vera pensjonert prest og spritseljar som nyt sitt otium, til å bli enkemann og nybakt bestefar for ei 7 år gammal jente. Og om ikkje det var nok, blir han også drapsmann. No har han ein daud torpedo i spritskjulet å kvitta seg med og ein kriminell konspirasjon å redda seg sjølv og vesle Isabella Donnatina frå, men heldigvis har ein livslang karriere i Den norske kyrkja førebudd han på å møta dei fleste omstende med ro og optimisme. For som han seier det sjølv: «Det er utruleg kva ein opplever gjennom meir enn 40 år med besøk i private heimar for å planlegga dåp, bryllaup og gravferd.»

Kjøp boka

Bibelens kvinner

Alf Kjetil Walgermo

Kvinnene i Bibelen har stått i skuggen av menn. Her har dei hovudrollene.

Visste du at Judit måtte slå to gonger med sverdet for å kappe hovudet av hærføraren Holofernes? At Rebekka førte mannen sin bak lyset av rein morskjærleik? Eller at den prostituerte Rahab berga livet ved å fire spionar ut av vindauget?

Bibelen er full av modige, smarte og kreative kvinner, og nokre sleipe og skruppelause. Jael tek livet av ein stolt krigar ved å køyre ein teltplugg gjennom tinningen hans. Ester reddar folket sitt ved å invitere kongen på fest. Sara ler av Gud då ho får vite at ho skal bli mor som nittiåring.

I alt finst det fleire hundre kvinner i Bøkenes Bok. Nokre har vi høyrt om før, som dronninga av Saba og jomfru Maria. Andre veit vi mindre om, som Jokebed og Hulda. Somme har endåtil fått den viktige rolla si tona ned.

«Bibelens kvinner» er ei kunnskapsrik og vakkert illustrert bok om alle bibelkvinnene. Ho gir oss ei innsiktsfull og fengande innføring i korleis dei ulike kvinnene trer fram i bibelteksten, biletkunsten og i litteratur, musikk og film. Forfattaren teiknar eit kraftfullt bilete - av kvinner som har forma verda slik vi kjenner henne.

KJØP BOKA

Barnebibelen

Alf Kjetil Walgermo og Anna Fiske 

«Boka er ei forrykande fargebombe med ein originalitet som gjer at denne barnebibelen truleg vil nå fram til eit breiare publikum enn meir tradisjonelle utgjevingar.» - Sofie Braut, Vårt Land

Ny barnebibel med fleire historier om jenter og kvinner.

Forteljingane i Bibelen er blitt fortalde i hundrevis av år. Dei er grunnlaget for den kristne trua og ein sentral del av den vestlege kulturen. I tillegg er bibelforteljingane spennande! I denne flotte barnebibelen blir du kjend med dei viktigaste personane i Bibelen. Forfattar Alf Kjetil Walgermo har gjenfortalt historiene og har mellom anna tatt med fleire jenter og kvinner enn det som har vore vanleg i tidlegare barnebiblar. Her får du ikkje berre høyre om Daniel i løvehola og Jona i fiskebuken, men også om smarte dronningar som Ester, sterke leiarar som Debora og sentrale augevitne som Maria Magdalena. Barnebibelen er gjennomillustrert av Anna Fiske. Den særeigne streken hennar er med på å gi dei gamle historiene eit friskt og nytt uttrykk, både respektfullt og med humoristisk snert. Boka passar godt både til høgtlesing for små barn og som ei innføring i Bibelen for barn som sjølve har lært å lese. Ho vil i tillegg vere eit fint alternativ for vaksne lesarar som ønskjer å få med seg det aller mest grunnleggande på kortfatta vis. 

Kjøp boka

Ungdomsroman: Kvil i fred

Peter F. Strassegger

«For en ung leser byr «Kvil i fred» både på gjenkjennelse, spenning og kanskje, hvis vi tror på litteraturens kraft, en erkjennelse av at egne valg alltid er mulig.» - Anne Cathrine Straume, NRK.

Per og kameraten Oskar går i tiande klasse og stel øl, taggar og slåst. Heime slit Per og faren med sorga etter at mora døydde. Kvifor klarar dei ikkje å snakka om det som har skjedd? Og kvifor er Per sint på faren? Per og Oskar røyker hasj og køyrer bil ulovleg. Så ein dag blir dei tekne av politiet, som ber dei om å ta eit oppgjer med det livet dei har levd til no. Men Per er ikkje klar for å leggja alt bak seg enno. Han må ta eit anna oppgjer først. Eit oppgjer som han kanskje vil angra på. Men han må. Noko driv han, han får ikkje fred. Kven er det som ikkje kviler i fred?

Kjøp boka

9–12: Katteskriket

Guro S. Auganes

Mystisk spøkelseshistorie i Maria Gripe-stil.

Julie hatar å sove borte. Ho er elleve år og skal vere åleine hos besteforeldra i fire dagar og tre netter. Ho må øve seg til hausten. Då skal ho på overnattingstur til Göteborg med bestevenninna si. Det er berre éin ting: Ho har gløymt kor skummelt det er hos besteforeldra. Alt er så gamalt og mørkt der, vegger og møblar, og det luktar rart. Og kva er det med det gule rommet der Julie skal sove? Kvifor blir ho svimmel av å vere der? Og kva i all verda er det skjerande skriket som vekker ho midt på natta?

Katteskriket er ei bok om heimlengt, hemmelegheiter og å vakne med songar i hovudet. Det er ei bok om kattar - og om spøkelse. Boka er illustrert av Line Halsnes. 

Kjøp boka

9–12: Trollmoll

Åshild Moldskred

Det du ikkje ser.

Birk og mora flyttar frå byen til morfaren som bur på ei forblåst vestlandsøy. Birk saknar kompisane sine og gruer seg til eit kjedeleg liv på landet. Men snart begynner mystiske ting å skje: Soverommet til Birk luktar plutseleg rotna kjøt, lyden av ei sur fele høyrest frå hagen, og om natta er det som om nokon ser på han... Nabojenta Ada fortel om ei eldgammal legende om eit spøkelse som drep barn, eit Trollmoll. Men desse skal vere utrydda for lenge sidan. Kan det likevel vere eit slikt som heimsøker huset til bestefaren? Birk må etter kvart innsjå at spøkelse som drep ved å synge, og mørk trolldom ikkje berre er skumle historier. Og kva er det med Nila, jenta i klassen med den mørke stemma som er vakker som ei hulder og luktar av skog?

Trollmoll er ei sjarmerande og nifs forteljing med varme karakterar og iskalde spøkelse.  

Kjøp boka