Flaskesamlaren: roman

Jon Fosse |
Hefta | Sidetal: 230 | ISBN: 9788234013034

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price249 kr
Ein einsam, plaga mann vandrar rundt i ein storby. Han nærmar seg folk, men glir frå dei, vekslar mellom å heite Bjørn, Fredrik og Atle, mellom å vere presteson og son til ein anleggsarbeidar. Medan mannen driv gatelangs, støyter han på Flaskesamlaren. Dei to får ein underleg kontakt.

Frå grunngjevinga til Svenska Akademien for tildelinga av Nobelprisen i litteratur til Jon Fosse:
«Nobelpriset i litteratur år 2023 tilldelas den norska författaren Jon Fosse, 'för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara'.»

«Det finns en djup värme och naiv blottställdhet i hans avskalade bilder av mänsklig erfarenhet.»
Anders Olsson, leiar i Nobelkomiteen i Svenska Akademien

«Jon Fosse skriv rytmisk besvergande, løyndomsfulle romanar om kriseramma sinn og sentrale eksistensielle konfliktar.»
Steinar Sivertsen, Rogalands Avis

«Flaskesamlaren er, særleg formmessig, ein spanande roman. Jon Fosse leitar i språket, leitar etter ei form som kan gje det moderne mennesket anno 1991 ei litterær røyst.»
Bjarne Tveiten, Fædrelandsvennen

«Det blir ikkje mange som kjem til å lika denne boka, uttalte Jon Fosse då Flaskesamlaren skulle lanserast. Eg er ikkje så sikker på det.»
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

Jon Fosse

Du likar kanskje desse

Sist sett på