Debutantintervju med Guro S. Auganes

Korleis skriv ein akkurat passe skummelt? Som lita vart Guro Auganes så skremd av skumle lydbøker at ho sleit med å sove etterpå. No debuterer ho sjølv med nettopp ei grøssebok for barn.

Gratulerer med debutboka, Guro! Kan du fortelje litt om boka di? Kva handlar Katteskriket om?

Boka handlar om Julie, som skal vere hos besteforeldra nokre dagar åleine. Ho likar ikkje slikt. Særleg vanskelege er nettene. Ho lengtar heim. Det blir ikkje betre når ho høyrer masse rare lydar på soverommet. Det er også ein verkstad i kjellaren der det skjer merkelege ting. Det syner seg at huset har hemmelegheiter, og det har besta hennar òg. Så handlar vel boka eigentleg mykje om dette, å byrje å finne ut av dei vaksne sine hemmelegheiter, og at det kan vere skremmande.

Du debuterer med ei grøssebok. Kor kom inspirasjonen til å velje eit slikt prosjekt frå?

Det var ikkje meininga då eg byrja. Eg ville skrive noko spennande, ja, men meir uskyldig. Så fekk eg tilbakemelding frå forlaget om at eg måtte bestemme meg: Skulle dette vere ei skummel forteljing, eller skulle det vere ei koseleg forteljing. Det var eit enkelt val. Huset i boka er basert på huset der faren min vaks opp – med ein del endringar – og det huset har alltid skremt meg. Det var eit slikt gamalt hus, med framande lydar og lukter. Det var vanskeleg å sove der – noko eg aldri gjorde utan foreldra mine. Eg hadde nok ikkje våga å gjere det Julie gjer.

Det er jo så mangt å vere redd for når ein er liten. Å sove borte er skummelt nok om ein ikkje skal bakse med moglege spøkjelse. Og som du nemnde, kan eit byrjande innblikk i dei vaksnes verd vere like skummelt som skrømt. Det gjer kanskje at barne- og ungdomslitteraturen er ekstra grufull?

Det er ein spanande tanke – ei vaksen verd som trenger seg på, kanskje før ein føler seg klar.

Hovudpersonen Julie les jo også skumle bøker, som ho må leggje frå seg fordi ho blir for skremd. Var det nokon bøker du sjølv måtte leggje frå deg då du var barn?

Eg kan faktisk ikkje hugse at det skjedde med bøker. Men eg høyrde på nokre høyrespel som eg nok burde latt vere å høyre ferdig. Spesielt godt hugsar eg Sort messe av John Dickson Carr. Eg fekk bilete i hovudet når eg høyrde på, og desse hadde ein stygg tendens til å dukke opp når eg skulle sove. Det var skummelt å lukke auga. Eg veit ikkje heilt, men kanskje har desse skumle høyrespela og lydbøker generelt prega meg ein del i uttrykket her. For meg er det som om boka har eit lydspor; det har å gjere med songen som er viktig, men det er ikkje berre difor. Eg har eit håp om at boka vert lydbok etter kvart; det ville følast riktig.

Ja, for i boka byrjar ikkje Julie berre å høyre underlege lydar, ho drøymer også om nokon som syng. Utan å avsløre for mykje – kan du fortelje litt meir om denne songen?

Det er ein vuggesong. Han kan verke som noko koseleg og roande i utgangspunktet, men når ein får heile historia... vel, så håpar ein kanskje å sleppe å vakne med den songen i hovudet om morgonen.

Korleis har skriveprosessen vore for deg?

Han har vore lang. Historia har gått fram og tilbake mellom forlaget og meg i fleire år. Innimellom har eg følt det har gått meir rundt og rundt enn framover. Når eg ser tilbake no, er eg veldig glad for alle omskrivingane. Dei første utkasta var berre halve historia og knapt nok det. Så har mykje dukka opp undervegs, delvis på grunn av innspel frå redaktør, delvis på grunn av nye idear. Noko av årsaka til at det har teke så lang tid, er rett og slett praktisk. Det er vanskeleg å finne tid til å skrive i ein travel kvardag.

Korleis jobba du og redaktøren for å finne riktig nivå av gru og grøss for aldersgruppa du skriv for?

Det er utruleg vanskeleg, synest eg, å finne riktig spenningsnivå. Det har vore veldig fint med ein redaktør i denne prosessen. Eg har vel utan unntak fått beskjed om å skrive skumlare. Eg er pysete av meg, så ting eg synest er skremmande, er ikkje nødvendigvis det.

Er det noko litteratur som har inspirert deg i skrivinga av boka di?

Eg synes dette var vanskeleg å svare på; kven som har inspirert meg med denne boka. Men det er enkelt å nemne forfattarar som eg finn inspirerande, sånn generelt: Maria Parrs bøker likar eg veldig godt, A. Audhild Solberg si bok Harpa, Julie Kahrs sine bøker, Heidi Marie Vestrheim si bok Jenny Fender er kjempefin, Trollmoll av Åshild Moldskred – det er masse spanande barnelitteratur for aldersgruppa.

Blir det fleire grøssarbøker framover?

Ja, eg håpar det!

Katteskriket

Mystisk spøkelseshistorie i Maria Gripe-stil. Julie hatar å sove borte. Ho er elleve år og skal vere åleine hos besteforeldra i fire dagar og tre netter. Ho må øve seg til hausten. Då skal ho på overnattingstur til Göteborg med bestevenninna si.

Det er berre éin ting: Ho har gløymt kor skummelt det er hos besteforeldra. Alt er så gamalt og mørkt der, vegger og møblar, og det luktar rart. Og kva er det med det gule rommet der Julie skal sove? Kvifor blir ho svimmel av å vere der? Og kva i all verda er det skjerande skriket som vekker ho midt på natta?

Katteskriket er ei bok om heimlengt, hemmelegheiter og å vakne med songar i hovudet. Det er ei bok om kattar – og om spøkelse. Boka er illustrert av Line Halsnes.

Guro s. auganesKatteskriket