|
Brit Bildøen inviterer til litterær salong med ti forfattarar som betyr mykje for henne. Dei inviterte har fått tildelt kvar sin litterære dyd som tener som inngang til dei ulike forfattarskapane. Dydane spenner frå Overmot til Råskap, frå Distraksjon til Skamløyse.
Dette er eit feministisk bokløft der ho på skarpt og underhaldande vis gir ei innføring i originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre åra. I tillegg til å vere ein lesarguide med sterke anbefalingar, ønskjer Bildøen å skape ei positiv motvekt til den sterke mannsdominansen på litteraturfeltet. Bildøen meiner at den store framveksten av originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre år, ikkje blir spegla i litteraturdebattar, kanoniseringar og prisutdelingar. Gjestane i Bildøens litterære salong er Gertrude Stein, Mercé Rodoreda, Joan Lindsay, Jean Rhys, Halldis Moren Vesaas, Adrienne Rich, Amalie Skram, Carol Shields, Doris Lessing og Elfride Jelinek. "Boka bør vere fast inventar i einkvar salong over heile landet, og ein del av allmenndanninga til nordmenn flest." Mette Karlsvik, Romsdals Budstikke"Frekt og godt grep. [...] Eg synst dette skal bli første bok i ein serie. [...] velskrivne, interessante og interessevekkjande [...]" Martha Norheim, NRKLes heile meldinga"Jeg likte den kompromissløse linjen i denne boken, takk til Bildøen." Edith Haarseth, www.kvinnekalender.noHøyr opptak av Boktilsynet på NRK P2, 11.03.2009
|
Status: Aktuell
ISBN: 9788252172744
Utgåve: 1
Opplag: 1
Omfang: 155 sider
Pris: 329,00
Utgjeve: 2009
|