HOVUDSIDE OM SAMLAGET FORFATTARAR NYE BØKER NYHENDE HANDLEHJELP



SKJØNNLITTERATUR BARN OG UNGDOM ALLMENN SAKPROSA FAGBØKER

SKOLEBØKER ORDBØKER/OPPSLAGSVERK TIDSSKRIFT BOKKLUBB

Foto: Knut Egil Wang
Titlar på Samlaget:
Songar
(2009)
Spelejenta
(2009)
Fedras kjærleik
(2009 - Omsetjar)
Desse auga
(2009)
Psykose 4.48
(2008 - Omsetjar)
Eg er vinden
(2008)
Andvake
(2007)
Sjå alle 83 bøker >>
Jon Fosse

Jon Fosse blir 50 år i 2009. Dette blir markert på fleire vis gjennom året.

Jon Fosse (f.1959) er forfattar og dramatikar frå Strandebarm, busett i Bergen. Han er ein av dei mest sentrale samtidsdramatikarane i Europa, og den norske dramatikaren ved sida av Ibsen som er mest spelt.

Om Fosses forfattarskap
"Jon Fosse sine romanar er som små kammerspel, med få aktørar og ein fortetta konflikt. Dikta hans er også konsentrerte rundt få tema, og har eit hymnisk og munnleg preg. Frå dikt og romanar er ikkje spranget stort til dramatikk og teater. Barnebøkene til Fosse høyrer også heime i dette landskapet, kor musikken (gitaren), hunden, ein liten gut og til og med englar går inn og ut av eit lilla mørkre.

Over Fosse sine avgrensa scenerom kviler ein høg himmel. Forfattaren knyter norsk heimstaddikting an til den europeiske modernismen, og opphevar skiljet mellom det lokale og det globale. Og humoren kan ha gode vilkår sjølv under små forhold, i trange rom og mellom menneske som lever tett saman. I romanar, dikt og skodespel har han makta å gi enkle, eksentriske, avkledde og sårbare menneske eit språk. Dette språket er rytmisk og gjentakande, musisk og suggererande. Og anten det verkar fråstøytande eller tiltrekkjande, så er dette eit språk som vekkjer gjenklang i mange, fordi det ligg så tett opptil pusten. Fosse har heilt frå debutromanen Raudt, svart hatt den hoggande skriverytmen som sitt spesielle varemerke. I mange artiklar og essays har han gjort greie for både sitt litteratursyn og sin eigen skrivestil." Brit Bildøen

Personleg
Fosse har eksamen artium frå Øystese gymnas i 1979, dernest studiar ved Universitetet i Bergen, der han vart cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturkunnskap i 1987. I studietida arbeidde han som journalist i Gula Tidend, og hadde ymse anna arbeid, men etter den skjønnlitterære debuten i 1983, med romanen Raudt, svart, har Fosse hovudsakleg arbeidd som forfattar, men også med nærliggande arbeid, som undervisning (ved Skrivekunstakademiet i Hordaland 1987-93) og som konsulent og med omsetjing (hovudsakleg av teaterstykke).
Fosse har også vore med og redigert eit par bøker, og sidan 1994 har han vore redaktør for tidsskriftet Bøk saman med Jan Kjærstad. Fosse har hatt forskjellige verv, blant anna var han medlem i Det litterære råd i Den norske Forfatterforening 1989-93, og sidan 1994 har han sete i Norsk kulturråds essayutval.

I 1992-93 skreiv Jon Fosse det første teaterstykket sitt på bestilling og etter den tid har han skrive rundt 15 teaterstykke, mange av dei er sette opp i andre land. Dessutan har Fosse skrive filmmanus, og både teaterstykket Namnet og romanen Naustet er filmatisert. Om sitt eige forfattarskap seier Fosse dette: "For meg er form og innhald eitt og det same, og det eg har å seie må seiast gjennom form, og form blir langt på veg til gjennom det som blir sagt."

Litterære og andre prisar
  • Nynorsk barnelitteraturpris 1990 for Uendeleg seint (illustret av Alf-Kåre Berg)
  • Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris 1992
  • Nynorsk litteraturpris 1993 for Bly og vatn
  • Samlagsprisen 1994
  • Ibsenprisen 1996 for Namnet
  • Melsomprisen 1996 for Melancholia
  • Sunnmørsprisen 1996 for Melancholia
  • Aschehougprisen 1997
  • Doblougprisen 1999
  • Gyldendalprisen 2000
  • Nordisk Teaterunions dramatikerpris 2000 for Ein sommars dag
  • Kulturdepartementets barnelitteraturpris 2001 for Søster
  • Melsomprisen 2001 for Morgon og kveld
  • Skandinavisk Nationalteaterpris 2002
  • Beste utanlandske dramatikar, Theater heute 2002
  • Norsk kulturråds ærespris 2003
  • Heddas ærespris 2003
  • Nynorsk litteraturpris 2003 for Auge i vind
  • PREMIO UBO for beste utanlandske stykke 2004 i Italia
  • Kommandør av St. Olavs Orden 2005
  • Brages heiderspris 2005
  • Anders Jahres kulturpris 2006
  • Svenska Akademiens nordiska pris 2007
  • Deutscher Jugendliteraturpreis 2007 for Søster




Relaterte artiklar
Teaterstykke 2 (11.07.2001)
"Roberto Zucco" (07.02.2000)


 
   
© 2010 Det Norske Samlaget Tlf: 22 70 78 00. Pb 4672 Sofienberg 0506 Oslo. Jens Bjelkes gt 12. Epost: det.norske @ samlaget.no