Debutantintervju med Erling A. Westgaard Flote

Kan ein sjølv bestemme kven ein vil vere, når ein bur i ei lita bygd der alle kjenner alle? Erling Flote debuterer med ungdomsromanen Utveg, der både unge og vaksne strir med å fri seg frå eigne fordommar og den makta som ligg i andre sine blikk.

Gratulerer med debutromanen din, Erling! Boka er no ute i butikkhyllene, korleis kjennest det?

Tusen takk! Det er ei veldig god kjensle, og så er det sjølvsagt skikkeleg spennande. Eg gler meg til å høyre kva folk synest om boka, og håpar mange vil lese ho.

Kan du fortelje litt sjølv om kva for bok det er du har skrive?

Boka handlar om Johanne, som er 17 år. Ho veks opp i ei lita bygd og må ta ferje til skulen. Ho er ambisiøs og skuleflink, og kan ikkje vente med å kome seg vekk for å studere psykologi. Ein dag innser ho for alvor at foreldra hennar ikkje ser føre seg at ho skal følgje karrieredraumane sine, men forventar at ho skal ta over garden som har vore i slekta i fleire generasjonar. I frustrasjon over dette tek Johanne kontakt med Linn, ei tidlegare skuleveninne som har droppa ut av skulen og tilhøyrer eit rånemiljø. Da ender Johanne opp på ein skikkeleg bygdedans. I tillegg til konflikten om garden og den nye venskapen med Linn, handlar boka om forholdet mellom faren til Johanne, syskena hans og bestefaren. Johanne kjem nemleg over familiehemmelegheiter som har vore skjulte for omverda. Alt er kanskje ikkje som det ser ut, vaksne gjer ikkje nødvendigvis alltid det rette og folk har gjerne meir ved seg enn det vi ser.

"Alt er kanskje ikkje som det ser ut, vaksne gjer ikkje nødvendigvis alltid det rette og folk har gjerne meir ved seg enn det vi ser."

Korleis byrja dette prosjektet? Og korleis har prosessen vore frå idé til ferdig bok?

I 2021 blei eg valt ut til å vere med på manusseminaret til Samlaget. Eg hadde sendt inn nokre noveller for vaksne, men ei av forteljingane, om ei ung jente som vaks opp på ein gard, fekk aller mest merksemd frå både redaktør, forfattarkonsulent og dei andre deltakarane på seminaret. Eg blei utfordra til å forsøke å skrive meir om henne, frå hennar perspektiv. Først var det både vanskeleg og rart, men utover hausten losna det verkeleg. Eg sat etter kvart med eit ganske langt manus, der mange av karakterane og situasjonane frå dei andre novellene hadde fletta seg inn. Eg og redaktøren min blei samde om at retninga manuset hadde teke, gjorde at boka kunne passe enda betre for unge lesarar, særleg sidan hovudkarakteren er så ung. Manuset blei då sendt til barne- og ungdomsredaksjonen, som gjerne ville jobbe vidare med det. Det har vore ein del rundar for å effektivisere forteljinga og gjere språket meir tilgjengeleg for ungdomslesarar, men alt i alt har det vore ein veldig fin prosess!

Kva har inspirert deg under skrivinga? Og kva les du sjølv medan du skriv?

Ei konkret bok som både inspirerte meg og gjorde sterkt inntrykk under skrivinga, var diktsamlinga Kvit, norsk mann av Brynjulf Jung Tjønn. Sjølv om tematikken ikkje er heilt den same, er oppvekstmiljøet han skildrar mykje likt det hovudkarakteren min befinn seg i. Elles les eg nok aller mest norsk samtidslitteratur av ulikt slag. Eg er med i leiinga til litteraturfestivalen Ord i Grenseland, som finn stad i Fredrikstad i oktober kvart år, så eg prøver mellom anna å lese så mange eg kan av bøkene og forfattarane vi har med på programmet. Gode bøker er sjølvsagt inspirerande.

Apropos oppvekstmiljø. I Utveg skildrar du eit bygdemiljø som kanskje er litt eksotisk for mange lesarar som ikkje er oppvaksne på bygda. Det er ikkje langt frå fjøsvask til bygdefest i boka. Korleis har du jobba med å skrive fram den vesle bygda?

Eg er sjølv oppvaksen i ei bygd som liknar veldig på den eg skildrar i boka, så det har kome veldig naturleg. Eg trur nok mange som er oppvaksne på små stader, same kvar i landet ein er, vil kunne kjenne seg att i miljøet og mange av situasjonane som er skildra.

Det er eit lite miljø du skildrar, på godt og vondt. Det er fleire i denne romanen som må jobbe ikkje berre med eigne fordommar, men også den makta dei gir andre sine blikk?

På mindre stader kjenner alle alle. Miljøet er meir gjennomsiktig enn i større byar. Eg trur mange kan kjenne at det er knytt forventningar til kven du er, og kven du skal vere, ut i frå kva folk veit om foreldra dine. Foreldra dine sine handlingar i fortida, deira verdiar og haldningar og vala dei har gjort kan fort definere synet folk har på deg. Det skal litt til for å bryte med dette. Utan å røpe for mykje er det til dømes det Johanne kjenner på når ho er på dans i nabobygda. Det er nok eit gjennomgåande trekk ved fleire av karakterane i boka, dette at dei strir med forventningane foreldra, men også bygda, har til dei.

 

Du jobbar sjølv som norsklærar i den vidaregåande skulen. Korleis har det påverka arbeidet med å skrive for ungdom?

Etter ein del år i den vidaregåande skulen kjenner eg jo aldersgruppa ganske godt. Det har nok vore ein fordel. Nokre av elevane mine var med og las litt undervegs, og dei har komme med fleire gode innspel. Mellom anna fekk eg konkrete kommentarar til karakterane. Elles var det fleire som sa at dei kunne kjenne seg att i Johanne og mykje av det ho står i. Det gjorde meg tryggare på at dette var noko som kunne nå ut til unge lesarar. Det blir spennande å sjå kva dei synest om det ferdige resultatet!

Erling A. Westgaard Flote: Utveg

Når alt ikkje er som det ser ut.

Johanne går andre året på vidaregåande og har allereie begynt å planlegge framtida si når ho er ferdig på skulen. Ho vil studere psykologi, flytte ut av den tronge bygda og oppleve verda. Men forelda har andre planar for henne, dei vil at ho skal overta slektsgarden.

Gjennom nokre varme veker i mai blir Johanne tvinga til å ta eit oppgjer med familien sin, venene sine og ikkje minst med seg sjølv.

Skal ho halde fram den nye venskapen med Linn, sjølv om Linn heng med rånarane og er så annleis enn ho sjølv? Skal ho ta over garden eller bryte med tradisjonen? Og korleis skal ho stille seg til familiehemmelegheitene som plutseleg dukkar opp?

Utveg er ein roman om venskap, om det å vekse opp og finne ut at vaksne ikkje alltid gjer det rette, og kanskje finne nye vegar ein ikkje visste fanst.

KJØP BOKA
DebutantErling andré w. floteUtveg