Ledig stilling: Redaktør for Syn og Segn

Har du lyst til å dyrke fram dei viktigaste røystene i dette tiåret, og samstundes posisjonere Syn og Segn som eit tydeleg og relevant tidsskrift for vår tid?

Syn og Segn er eit leiande tidsskrift for kultur, samfunn og politikk. Syn og Segn blei stifta av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894, og er eigd av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget (Litteraturselskapet).

Vi ser etter ein redaktør som har ambisjonar om å vidareutvikle Syn og Segn som ein av Noregs viktige arenaer for tankar om samfunnet vi lever i. Som redaktør får du fridom til å rekruttere dine røyster og setje ditt avtrykk på tidsskriftet dei neste fire åra. Du styrer din eigen arbeidsdag og rapporterer til styret i Litteraturselskapet. Arbeidsspråket er nynorsk.

Vi tilbyr:
Kontor samlokalisert med Det Norske Samlaget i Mariboes gate 13 i Oslo sentrum.
Åremål på 4 år. Lønn etter avtale. Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Som redaktør får du varierte arbeidsoppgåver:
Idéutvikling, oppfølging av skribentar og produksjon av fire utgåver i året.
Marknadsføre og promotere det ferdige tidsskriftet.
Ta deg av dagleg drift, distribusjon, sal, marknad og økonomi.

Vi ser etter nokon som
har relevant erfaring og veit korleis arbeide og gjennomføre på eiga hand.
likar å ta initiativ og bruke nettverket  har god forståing for tekst og redaksjonelt arbeid.
har eit auga på økonomien og utnyttar ressursane effektivt.

Send søknad så raskt som mogleg til: soknad@samlaget.no. Vi oppmodar personar med minoritetserfaring til å søke.

For spørsmål ta kontakt med:

Astrid Sverresdotter Dypvik (noverande redaktør) eller Edmund Austigard (styresekretær for Litteraturselskapet).

Send søknad så raskt som mogleg til: soknad@samlaget.no