– Eg likar alltid å kjenne på vilje

– Eg likar alltid å kjenne på vilje

I debutsamlinga Flør skriv Krista Indrehus om redsla for å bevege seg framover i ei tid med klimakrise. Menneske døyr, husa deira gror over av mose, medan mikroplasten tek plass i kretsløpet som evige algar.

 

Korleis vil du sjølv beskrive boka di? 

– Boka handlar om ei redsle for å bevege seg framover og ei makteslaus sorg over at vi etterlèt oss dyreartar, naturmangfald og eit balansert klima i fortida. Menneske døyr, husa deira gror over av mose, medan mikroplasten tek plass i kretsløpet som evige algar. Eg-et i boka reiser til landskapa ho stammar frå etter at siste bestemor hennar går bort, og opplever der at røynslene til formødrene smeltar saman med hennar eigne. 

Dikta utforskar eit ønske om å halde fast i tida og generasjonane som har vore før, og om å bli omslutta av naturen, som ikkje døyr, men gjenoppstår.  Var du bestemt på tematikken då du gjekk i gang med å skrive, eller var det ei meir organisk utvikling av han etter kvart? Redsla for klimakrisa og ønsket om å vere nær naturen var til stades frå starten, men tekstane har heilt klart utvikla seg mykje frå byrjinga. Det tok ei god stund før eg fekk spissa manuset og fekk klart for meg kva form det skulle ta, og eg har kutta veldig mykje som ikkje passa inn lenger.

 

Korleis har skriveprosessen vore?  

– Skriveprosessen har gått i rykk og napp, over ein periode på tre år. Eg får til tider sterk trong til å skrive, og då kan eg produsere ganske mykje tekst, på alt frå nokre timar til ein periode over eit par veker. I desse periodane føler eg meg nesten oppslukt av skrivinga, og eg har nok tendens til å få tunnelfokus. Med det meiner eg at eg kan sitje i timevis utan å omtrent reise meg frå stolen. Eg kan også få innfall mens eg driv med andre ting, det er som små blaff eller såpebobler som sprekk i bilete, eller setningar som eg må skrive ned med ein gong. Det har ført til ei ganske kaotisk notatmappe på telefonen.  

Så går desse periodane over, og eg kan ha vekevis utan å skrive noko nytt. Som oftast er eg i ein slags kompromiss-tilstand, der eg brukar mykje tid på å redigere teksten eg allereie har produsert, som igjen kan føre til at eg skriv noko nytt her og der.  I det store og heile er nok skriveprosessen dominert av at eg går inn i teksten på nytt og på nytt, og at eg vrir og vender på ord og setningar, stryk mykje og tilfører noko. Eg jobbar heile tida med å få teksten nærare det eg vil uttrykkje. Nokre få av tekstane er omtrent uendra, men eg endra formuleringar og strauk liner i dikta mine heilt til tredje korrekturrunde, då samlinga skulle i trykken. 

Har du andre som les manus undervegs, eller held du teksten tett til brystet? 

– Det er utruleg verdifullt å ha lesarar undervegs, men eg har lært å passe på kven som skal få meine noko om teksten på dei ulike stadia. Gode lesarar gir presis og streng kritikk, og tilbakemeldingar som opnar opp. Eg er så heldig å ha eit par svært gode lesarar, og eg set umåteleg stor pris på dei. Redaktøren min, David Aasen, er ein av dei. Han har heile vegen sett etter kva manuset treng for «å bli seg sjølv». Det betyr sjølvsagt at han ser prosjektet for det det er, og det kan jo ikkje bli betre enn det. Han legg ikkje føringar, men har heile tida vore med på å opne opp og gjere meg medviten om moglegheitene i manuset. Samtidig plukkar og pirkar han i teksten, stiller spørsmål og utfordrar. Han er god på å dytte meg vidare, på å vise korleis manuset kan komme seg framover. Han har gitt meg mykje tillit, og det har vore frigjerande og utviklande å jobbe på den måten. 

Eg har også ei venninne, som gjekk i klassen min på Skrivekunstakademiet, som les av og til. Ho er så flink til å få oversikt og til å sjå samanhengar, samtidig som ho er heilt rå på nærlesing. Ho er kritisk og legg lista høgt, samtidig som ho er flink til å peike på det som fungerer bra. Eg stoler veldig på blikket hennar.

Så draumen må jo vere at lesaren skal oppleve at det spring ut bilde frå dikta mine. At noko, kva enn det måtte vere, opnar seg når dei les.


Tenkjer du på lesaren medan du skriv? 

– Nei, eg tenkjer på teksten medan eg skriv.  Har du nokon klar tanke om kva du vil at lesaren skal sitje att med etter å ha lese boka? Oi, eigentleg ikkje! No høyrest det ut som at eg skriv for eit vakuum, men eg trur jo ikkje det stemmer heller. Men eg trur nok eg er meir oppteken av teksten i seg sjølv, enn av lesarane. Det heng jo sjølvsagt saman, sidan det å jobbe med forma på teksten impliserer ein lesar. Så draumen må jo vere at lesaren skal oppleve at det spring ut bilde frå dikta mine. At noko, kva enn det måtte vere, opnar seg når dei les. 
 

Er det noko eller nokon som inspirerer deg til å skrive, eller som påverkar teksten medan du jobbar? Les du andre bøker medan du er i eigen skriveprosess? Og er det nokon forfattarskapar du vil trekkje fram som spesielt verdifulle for deg? 

– Eg les heile tida og blir ofte inspirert av det eg les. Eg kunne ha nemnt mange, men nøyer meg med å trekkje fram to. Hamsun, alltid Hamsun, og då spesielt Pan. Skildringane av årstidene, luktene, lydane og lyset i naturen, og korleis alt dette heng saman med og påverkar kjenslene til hovudpersonen, er vanvitig sterke for meg. Glassessayet av Ann Carson har også gitt meg ei veldig sterk leseoppleving, kanskje også på grunn av sanselege og taktile skildringar av natur og indre liv? Kanskje det er det eg ser etter?  Begge desse tekstane har eit sånt driv og ein sånn vilje, og eg likar alltid å kjenne på vilje. 

 

Flør
Krista Indrehus

Dikt om klima, tid og formødre Eit barnebarn reiser til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Regnet har slutta å falle, snøen på fjellet har minka og bølgene filer seg stadig lenger inn i berget. Barnebarnet går inn i dei gamles hus og ut i naturen som omgir dei. Dei gamle sine røynsler smeltar saman med hennar eigne, og ho ser seg sjølv i det som lever vidare og det som tar slutt. Dikta skildrar redsla mange kjenner på i ei verd på vippepunktet, med tanke på både klima, økologi og dyreliv. Eg-et i samlinga kjenner ustanseleg på uro over forandringane som skal kome, og blir slik dratt inn i eit forsøk på å halde fast i tida og generasjonane som har vore før henne.   

Krista Lien Indrehus (f. 1989) kjem frå Bømlo i Sunnhordland og bur no i Trondheim. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. "Flør" er den første boka hennar.