Trude Tjensvold (f. 1964) er forfattar, illustratør og biletkunstnar. I 2016 debuterte ho som forfattar med bildeboka Bo flyttar ut, som både blei nominert til Kulturdepartementets debutantpris for barne og ungdomslitteratur 2016 og vann gull i Visuelt 2017. Ho har etter dette gitt ut fleire biletbøker, lettlesbøker og den grafiske romanen Raud Volvo for ungdom.