"Pirrande om sex og død"

Ein lykkeleg slutt fengar norske lesarar

"Dette er Maren Uthaug på sitt aller beste! Mørkt og morsomt og ekkelt." skriv Ann Cicilie på Instagram 

Ho er ikkje aleine om å meine dette. Mari Ellen på ARK Sirkus Shopping Trondheim har oppriktig boksorg etter endt lesnad og skriv at boka er: "mørk, ekkel, og ganske enkelt genial".

"Tar opp tabubelagte temaer på en perfekt måte og hele følelsesspekteret kommer frem under lesingen." skriv Agnethe Katarina Landre på Per Magnussen. Med denne boka har Maren Uthaug blitt ein av hennar favorittforfattarar. 

Og mens Sylvia på Norli Strandgaten synest boka er "fortellerkunst. Vittig, grotesk og fascinerende", vil dei tilsette på ARK Kiellands plass "bare lese mer om Christian 1-5 og alle de herlige levende og døde rundt de". 

"Død og pine, så moro"

Det er ikkje berre leserane som har blitt begeistra, det same gjeld for meldarane. 

"Du har garantert ikkje lese noko liknande." skriv Rolv Nøtvik Jakobsen i Vårt Land og gir boka terningkast 5. 

For Ingvild Bræin i Dag og Tid er dette «ei av årets store lesaropplevingar», og ho synest romanen er «særs underhaldande, skriven i eit presist overskotsspråk, om ein passe skrudd og karikert familie.» 

Gerd Elin Stava Sandve i Dagsavisen er samd med Bræin i at Ein lykkeleg slutt er "særs underhaldande" og legg til at dette er "ei original og makabert morosam slektskrønike", "skriven med godt driv og tett mellom spaningstoppane".    


May Grethe Lerum i Bok365  trillar terningkast 5 og skriv at "forfattaren byr på ei familiesoge av den mest bisarre, morosame, vemmelege, sjokkerande, fargesterke og opplysande sorten". 

Også Gabriel Moro i VG gir terningkast 5, og skriv at dette er ein "smakløs og utemmet roman som nesten er dødsbra".

"Meir kan ein ikkje krevje"

I likskap med VG og BOK365 trillar Adresseavisen og Dagbladet terningkast 5. "Et frodig fortellertalent slår til igjen." skriv Ole Jacob Hoel i Adresseavisen, mens Inger Bentzrud i Dagbladet blir tiltrekt av at Uthaug skriv "pirrande om sex og død".

Even Teistung i Klassekampen skriv at Ein lykkeleg slutt er eit "solid skrevet stykke underholdningsroman". Margunn Vikingstad i Morgenbladet meiner Ein lykkeleg slutt er "ein sjarmerande utemd roman", og Sofie Braut i Stavanger Aftenblad er viss på at boka vil "vinna eit stort publikum også i Noreg."

Og viss du treng ein til grunn til å lese Ein lykkeleg slutt, høyr berre kva Marta Norheim i NRK har å seie om leseopplevinga: «Spennande, ekkelt og tankevekkjande. Ja, og lærerikt. [...] Meir kan ein ikkje krevje."

God lesnad!


Maren Uthaug:  Ein lykkeleg slutt

Nicolas er gravferdskonsulent. Ja, faktisk er han den sjuande gravferdskonsulenten i byrået, som har vore i familien sidan 1800-talet. Han nedstammar frå ei rekkje med Christianar, og sjølv om foreldra prøvde å lure skjebnen ved å døype han Nicolas, er han like fullt arveleg belasta. 


Det heile startar på 1800-talet då den danske sjømannen Christian 1 tumlar i land på stillehavsøya Tikopia. Her giftar han seg med Konkylie, og dei får to barn. Men på øya der det er plass til berre 989 menneske, er dottera fødd utan løyve og må døy. Ti år gamal ofrar Christian 2 seg for veslesyster si. Han legg ut på ei reise tilbake til røtene, til København - ein skiten, innestengd og pestramma by. Christian, som er van med døden frå heimøya, viser seg som ein stødig hjelpar i saker som har med døden å gjere. 

Maren Uthaug fortel med grotesk humor om døden i alle slags fasettar - om epidemiar, nekrofili og spøkelse, om gravferdsritual og nyvinningar i bransjen. Ein lykkeleg slutt er ein fantasifull slektsroman som rommar 200 år med kulturhistorie om døden og minst sju kjærleikshistorier, og viser korleis nokon kan slå seg opp på andre si ulykke. Omsett av Ingvild Holvik.