Om relasjonar som håp og berging for menneska

Om relasjonar som håp og berging for menneska

 

Marit O Kaldhol er opptatt av samspelet mellom tekst og lesar, og håpar den rolege skriverytmen forplantar seg i kroppen til lesaren.

 

Gratulerer med ny bok, Marit! Korleis vil du sjølv beskrive enno var dei kroppar

– Ordet økosorg står for meg som eit ord som samlar mykje av det novellene handlar om. Boka handlar om samanhengen mellom dei store, ytre vilkåra og kva dei gjer med menneskelege relasjonar, korleis det ser ut når du går nært innpå dei.  Eg har ei spesiell interesse for klimasituasjonen, natur og folkevandringar. Felles for menneska i novellene er at dei er på vandring. Eg vil vise korleis det er å leve under slike vilkår.  

 

Kan du fortelje litt om prosessen frå idé til ferdig bok? 

– Det starta då eg høyrde eit korrespondentbrev frå Johannesburg i Sør-Afrika, der dei truleg må rasjonere vatnet, slik at folk må møte opp for å hente kvoten sin med vatn. Eg tenkte at dette ville eg skrive om. Då Samlaget bestemte seg for å gi ut ein novelleantologi, fekk eg skrive ei novelle om vassmangel. Slik fekk eg lyst til å skrive fleire.  I arbeidet med enno var dei kroppar begynte eg å notere meg nyheitssaker og forsking eg la merke til. Det er jo mykje som skjer i verda. Av og til festar det seg noko som ligg og modnar i bakhovudet. Dette har vore ein roleg prosess, eg har gitt historiene den tida som måtte til for å la dei komme til overflata. Desse novellene er nesten som skjelett, og så stoler eg på at lesaren diktar til resten.

 

Ja, det var utruleg frigjerande for meg då eg las boka di, å merke at du stoler på meg som lesar. 

– Eg er sjølv ein lesar som ikkje likar å få alt inn med teskei. Det ser ut til at det eksisterer ein illusjon om at viss du skriv ein roman om eit liv på 500 sider, så famnar du om alt. Men du får jo aldri med alt i ein tekst. Då vel eg heller å ta med berre det vesentlege, og så la lesaren byggje det ut sjølv.  

Lesarane gjer historia til si eiga når dei er med på å fylle ut dei rammene eg har gitt dei. Utfordringa mi blir å stole på at eg kan velje det representative i ei historie, finne dei orda som kan setje i gang prosessen hjå lesaren. Det tok eg sjansen på med denne boka.   

Eg blei fascinert av forma i boka då eg las. Ikkje berre er det eit lyrisk preg over teksten, men du har også variasjon i forma, mellom fullskrivne linjer og poesiliknande knekk. Kva er tanken bak dette valet?  

– Fordi eg ikkje alltid skriv linja heilt ut, hender det folk har tatt det for å vere langdikt. Det handlar eigentleg om skriverytme, ein pust i skrivinga mi som eg vil skal forplante seg i leserytmen. Når eg skriv om vare ting, blir det slik.  Tekstar som dette inneber å bruke mykje tid på utveljing av ord. Eg vil finne det riktige ordet som skapar nøyaktig det biletet eg vil formidle. Ord med slik visuell kraft, løfter historiene . I ein så knapp skrivestil er det spennande å sjå kva slags bilete som veks fram i lesaren med utgangspunkt i eige liv og erfaringar. Dette snakkar vi lite om i litterær kritikk og analyse, det interessante samspelet mellom tekst og lesar. 

 

 Dei menneskelege relasjonane er berginga for dei relasjonelle vesena vi er. Der ligg håpet.

 

Har du nokon tankar om kva du vil lesaren skal sitje att med etter å ha lese desse novellene?  

– Det er fint om folk ikkje rasar gjennom denne boka på to timar. Eg prøver å vende meg til kroppen, til sanseapparatet. Då må ein gi seg tid til å lytte etter kva reaksjonar som kjem. Eg skriv om kroppen som eit grunnvilkår for livet. Eg ønskjer at leseopplevinga skal vere vel så kroppsleg som intellektuell. Då er det ikkje så viktig om ein har vokabular for den opplevinga. Eg vil at folk skal lese med kroppen. 

 

Med så mykje tanke bak kva ord du skal bruke og kor mykje du skal antyde for lesaren, blir eg nysgjerrig på om du tenkjer på lesaren medan du skriv?  

– Nei, eg gjer eigentleg ikkje det.  Historia må styre, det må oppstå ein indre dynamikk i teksten, og då er det den som er sjefen. Viss eg prøver å skrive fram noko som ikkje lever, kjenner eg at det er feil.  


Eg synest det er vanskeleg å snakke om enno var dei kroppar utan å nemne at eg opplever prosjektet ditt som politisk. Eg tenkjer også at all litteratur eigentleg er politisk. Kva tenkjer du når eg seier det? 

– Eg er heilt einig med deg. Anten du flaggar eit standpunkt eller ikkje, er litteraturen politisk. Desse novellene er ikkje politiske tekstar i form av at dei gir svar. Dei kan likevel fungere politisk i den grad at dei får lesaren til å sjå noko i eit nytt perspektiv. Målet for meg er å vise fram noko eg har sett.  Undervegs spurde eg meg: Er det ein dystopi eg sit og skriv? Kor og kva tid skjer dette? Eg har med vilje prøvd å halde det udefinert, slik at lesaren kan trekke dei slutningane sjølv. 

Tekstane dine er jo ikkje tidfesta, men eg opplever at det er ei postapokalyptisk stemning over mange av dei. Samtidig er tilhøva du skildrar også ein realitet for millionar av menneske verda over. Kanskje lever dei i etterdønningane av ein apokalypse, medan vi sit her med vår materielle overflod og har ikkje hatt vår apokalypse enno?  

– Dette er viktige spørsmål å stille seg. I alle novellene er det noko eg har observert i mi notid som er bakgrunnen eller utgangspunktet for å skrive. Folk er på vandring i tekstane mine, og vandringa er eit både tidlaust og dagsaktuelt motiv. Det er vanskeleg å ta inn over seg, og ganske fælt å tenkje på at det er over 80 millionar flyktningar i verda i dag. Eg synest det er fint om tekstane mine kan ha ein sånn dobbel dimensjon, det universelle og det aktuelle. 

Det er supert om lesaren ser desse perspektiva og tenkjer gjennom korleis vi lever. Vi har jo ei skamlaus fråtsing her i Noreg, du skal ikkje langt ut for å sjå kor mykje vi skil oss ut. 

Og er det noko håp, tenkjer du, for alle dei du skriv om i enno var dei kroppar?
– Det eg prøver å vise gjennom alle novellene, er at i den grad desse menneska klarar seg, så er det gjennom tilknyting og fellesskap. Dei menneskelege relasjonane er berginga for dei relasjonelle vesena vi er. Der ligg håpet.

 


enno var dei kroppar
Marit O Kaldhol

Alle forteljingane i Marit O Kaldhols nye novellesamling enno var dei kroppar tek utgangspunkt i små og store hendingar i verda, ikkje minst nyheitssaker om menneske på flukt. 

Bakteppet for desse forteljingane er klimakrise, politiske konfliktar, sosiale og økonomiske ulikskapar. Mange av desse menneska lever under harde kår. Nokre er komne fram dit dei skal, andre kjem ikkje vidare. Gjennom brutalitet og svik, men òg med omsorg og strimer av håp, blir vi vitne til korleis livet fortonar seg for millionar av menneske verda over.  

Marit O Kaldhol (f. 1955) debuterte i 1983 med diktsamlinga lattermilde laken og har skrive bøker i dei fleste sjangrar for både vaksne, barn og unge. Ho har mottatt fleire prisar.