Jakob og Neikob 10 år!

Kari Stai i aksjon under Falturiltu på Stord. Foto: Kari Svanberg

–Viss det går an å heite JAkob, må det då gå an å heite NEIkob også?

Fem bøker om radarparet har det blitt. Fem bøker med Jakob og Neikob, fem bøker med leik og moro med ja-et og nei-et. Så enkelt, men så genialt. Og det heile starta med ein togtur. 

– Ideen til namna kom då eg tok toget og såg at konduktøren heitte Jakob, rett og slett, fortel Kari Stai. 

   ­– Eg satt og kopa, og då har ein jo fri flyt i tankane. Eg hadde tydelegvis namnet hans på tunga ei stund etter billettkontrollen, og så kom tanken, om at viss det går an å heite JAkob, må det då gå an å heite NEIkob også?

 Det viste seg at det gjekk heilt fint an, og den første boka,  Jakob og Neikob blei fort å rekne mellom klassikarane i den moderne barnebokheimen. 

Stai fekk Kulturdepartementets debutantpris for boka. For oppfølgjaren Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake fekk ho Brageprisen for beste barnebok i 2012. Bøkene har blitt omsette til ei rekkje språk, og forteljingane om radarparet har blitt både animasjonsfilm og teaterstykke. 

Grunnideen frå den første boka har blitt med vidare inn i dei andre bøkene, men Stai strevar alltid etter nye inngangar til tematikken. 

– For kvar bok har eg hatt eit ønske om å bruke ja-et og nei-et på nye måtar, med tanke på korleis dei spør og utfordrar kvarandre, seier forfattaren. 

– Denne språkleiken har eg stor glede av, det er artig å sjå om eg kan finne nye måtar å vri spørsmål og svar på – for å oppnå uventa effekt og ny meining, held Stai fram. – Eg har også forsøkt å variere innhaldet i bøkene. Og eg har tilført nye figurar for kvar historie. Det er jo sett opp imot andre at Jakob og Neikob får ny karakter.

 "Forenkling" blir fort eit nøkkelord når Stai fortel om arbeidsprosessen med bøkene. 

– Figurane er jo svært stiliserte, på grensa til ikon. Eg strever etter forenkling i alt eg gjer. Det kan stå i fare for å bli kjedeleg når eg gjer dette i både tekst og illustrasjon. Men ettersom eg baserer bøkene på tema og innhald som er nokså komplisert, trur eg det tener beøkene med denne forenklinga i det formmessige.

Med Jakob og Neikob og Alle Andre markerer Stai 10 år med radarparet. Me ønskjer både Jakob, Neikob og Kari til lykke! 

- Neikob, er du lei deg?- NEI, eg er lei MEG, svarer Neikob. - Eg vil bli som Alle Andre.- Veit du kven Alle Andre er, da? spør Jakob.- NEI. Blir du med og finn han?- JA, svarer Jakob.