Forfattarintervju: Bår Stenvik

Oppfinningane som endra verda

Journalist og forfattar Bår Stenvik meiner vi må lære å skilje mellom god og dårleg innovasjon frå barnsbein av.


Med barneboka 
Ti utrulege oppfinningar vil Bår Stenvik tilby barn det han sjølv har fått ut av vaksenbøker skrivne om same tematikk: ei utvida forståing av kva kreativitet og innovasjon er.

– Eg ville formidle at oppfinningar og teknologi ikkje berre handlar om enkeltståande geni, men òg om kollektive prosessar, politikk og vitskap. Eg ville også fortelje om både gamle og nye oppfinningar, om dei gode og dei som kanskje ikkje er så bra. 

Nyfiken namdaling  
Sjølv tråla Stenvik biblioteket i heimbygda Namdalseid i oppveksten.     

– Eg fordjupa meg stadig i nye emne: dinosaurar, polfararar, boomerangar og ville vesten. Eg las fantastiske forteljingar, som dei til Jules Verne, fortel forfattaren. I arbeidet med denne boka er det også historiene bak dei utvalde oppfinningane som får skine.     

– Eg prøver å vere nyfiken og leite etter samanhengar: Ikkje berre kva og når, men kvifor og korleis.  

Eit sosialt medium fritt for reklame 
Ti utrulege oppfinningar er gjennomillustrert av prislønte Rune Markhus og tek for seg større og mindre, men revolusjonerande oppfinningar som atombomba, p-pilla, oppvaskmaskina og like-knappen.  

Har du ei favorittoppfinning frå boka?  

– Eg liker godt dei som ikkje er så høgteknologiske, men enkle, praktiske og brukande. Som kjøleskapskrukka til Mohammed Bah Abba, som ikkje treng straum og kan lagast lokalt, så mange kan få nytte av henne.  

– Eg prøver å vere nyfiken og leite etter samanhengar: Ikkje berre kva og når, men kvifor og korleis.

Hadde Stenvik sjølv vore oppfinnar, ville han derimot gått meir teknologisk til verks.  

– Eg ville funne opp eit sosialt medium som ikkje var reklamefinansiert, der folk kunne hjelpe kvarandre og samhandle utan at merksemd og annonseinntekter er første prioritet, men heller å bidra til samfunnsnytte og menneskeleg velvære, avsluttar Stenvik.

 

Kva har atombomba, p-pilla og like-knappen til felles? Jo, dei forandra verda rundt seg. Det same gjorde oppfinningar som lyspæra, kjøleskapskrukka, antibiotikaen, oppvaskmaskina, autotune, protesar og det skotsikre stoffet kevlar. 

Gjennom desse forteljingane får ein dessutan eit innblikk i korleis oppfinningane blei til, korleis nye idear veks fram, og korleis oppfinningane påverkar livet vårt. 

Ti utrulege oppfinningar er ei underhaldande og lærerik faktabok, gjennomillustrert av prislønte Rune Markhus.