Vintercamping er epigrammisk og satirisk, inspirert av dei romerske forfattarane Martialis og Juvenal, som var aktive skribentar for to tusen år sidan. Men først og fremst er Vintercamping ein song om vår eiga samtid: ein frekk song, ein humoristisk song, ein grotesk og sjokkerande song og ikkje minst ein djupt moralsk song. Arild Rein er blant anna kjend for Stavangertrilogien.