| HOVUDSIDE | OM SAMLAGET | FORFATTARAR | NYE BØKER | MEDARBEIDARAR |
![]() |
![]() |
|
|||||||||||||||||||||
|
Om Det Norske Samlaget Samlaget blei skipa 1868.
Samlagets visjon er å vere eit uavhengig og leiande kulturforlag. Forlagsdrifta er basert på utvikling og sal av gode nynorske bøker og andre forlagsprodukt. Kjerneverksemda i forlaget er å få fram dei gode forfattarane og utvikle dei gode bøkene. Samlaget vil vere den fremste samarbeidspartnaren for det offentlege i arbeidet med å fremje nynorsk språk og litteratur. Samarbeidet med andre nynorske organisasjonar og institusjonar er viktig for Samlaget. Forlaget er grunnfest i den europeiske kulturtradisjonen og skal vidareutviklast som eit internasjonalt orientert forlag. Forlaget gir ut alle typar litteratur på nynorsk og norske målføre, skolebøker også på bokmål. Samlaget har forfattarar og andre medarbeidarar spreidde over heile landet, og sender kvart år lønnsoppgåver til over 800 personar i meir enn 175 kommunar. Forlaget har ein høgt kvalifisert medarbeidarstab av fast tilsette, lausmedarbeidarar og kunstnarar. I dag er Samlaget eit av dei mellomstore norske forlaga, og reknar seg blant dei leiande. Det Norske Samlaget er delt i to organisasjonar: Litteraturselskapet er ein kulturpolitisk interesseorganisasjon som skal leggje tilhøva til rette for nynorsk bokutgiving, medan forlaget frå 1978 er utskilt som sjølveigande, forretningsdrivande stifting. For tida er Sigve Gramstad leiar i litteraturselskapet og Kristin Bjella leiar i stiftinga. Forlaget gir ut om lag 200 titlar i året, og har om lag 50 fast tilsette medarbeidarar. Forlagsdirektør er Tove Lie. |
||