HOVUDSIDE OM SAMLAGET FORFATTARAR NYE BØKER MEDARBEIDARAR HANDLEHJELP



SKJØNNLITTERATUR BARN OG UNGDOM ALLMENN SAKPROSA FAGBØKER

SKOLEBØKER ORDBØKER/OPPSLAGSVERK TIDSSKRIFT BOKKLUBB

Nyhende

Matte overalt: Nyskrive matematikkverk for 1.-4. trinn
Nytt matematikkverk frå Samlaget! Matte overalt er eit nyskrive matematikkeverk for 1.-4. trinn. No kan du besøke informasjonsnettsida for Matte overalt! Der kan du delta i konkurransar, melde deg på kurs, tinge vurderingseksemplar og mykje meir.

(08.03.2010)

Fem bøker nominert til Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur 2009
Samlaget har heile fem nominasjonar til Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomsbøker utgitt i 2009! Brageprisvinnar Maria Parr er sjølvsagt nominert for Tonje Glimmerdal, Lars Mæhle for Landet under isen, men også illustratørar, omsetjarar og teikneserieskaparar frå Samlaget er nominert til Kulturdepartementets prisar.

(19.02.2010)

Maria Parr nominert til Kritikarprisen
Maria Parrs Tonje Glimmerdal er nominert til Kritikarprisen i kategorien beste barne- og ungdomsbok. "Parr framstår som en moden og kompetent forfatter [...] Tonje Glimmerdal møter barn der de er og tar dem på alvor i all sin vittighet.", står dei i juryens grunngjeving.


(09.02.2010)

Terminprøve i matematikk
Dei nye terminprøvene til matematikkverket Tetra (8.-10. klasse) blir ferdige til utsending den 4. mai.

NB! Terminprøve for 10. trinn kan bestillast per e-post i april!

(27.01.2010)

Teskjekjerringprisen 2009 til Maria Parr
Samlagsforfattar Maria Parr er vinnar av Teskjekjerringprisen for 2009. Juryen seier dette om Parr: "en forfattar som med troverdighet og selvfølgelighet lar sine litterære personer være sentrum i verden. [...] I en nordisk tradisjon der respekten for det enkelte barns selvstendighet er inneforstått, møter vi barndommens utfordringer og begrensninger."

(21.01.2010)

Landet under isen av Lars Mæhle nominert til Uprisen
Mæhles kritikarroste bok Landet under isen, som også vart Brageprisnominert kan vinne Uprisen. Uprisen er ungdommens egen ungdomsbokkåring, og dette er fjerde året på rad at Foreningen !les legg til rette for prosjektet i samamarbeid med Norsk Litteraturfestival på Lillehammer. Samlagsforfattarar har vunne to av dei tre Uprisane som har vore delt ut til no.

(20.01.2010)

Samlagets forfattarar kuppar Litteraturhuset onsdag 20. januar
Høyr og sjå Sigmund Løvåsen, Bjarte Samulesen og Guri og Sigrid Sørumgård Botheim i samtale med Agnes Ravatn under overskifta "Bonderomantikk. Bygdelitteratur på 2000-talet". Kl 1900. Velkomen til ein 100 % romantisk kveld.

(18.01.2010)

Vårlista frå Samlaget
Nye bøker frå Anna Gavalda og Frode Grytten er blant høgdepunkta på Samlagets vårliste.

(15.01.2010)

Einar Økland 70 år
Samlaget gir ut tre bøker i samband med Einar Økland sin 70 års dag. Ei ny novellesamling av Økland, Forteljingar og fablar frå andre tider, Vandreduene frå 1968 kjem i ny utgåve. Boka Skriftfest. Einar Økland 70, er redigert av Kjartan Fløgstad, Sverre Tusvik og Jorunn Veiteberg.


(15.01.2010)

Oskar Stein Bjørlykke 70 år
Oskar Stein Bjørlykke fyller 70 år 4. desember 2009, og i samband med dette gir vi ut boka Diktet lyser i kvelden. Dikt i utval. Den 10. desembler blir dagen markert med Bjørlykkedagen på Litteraturhuset. Vel møtt til markering!

(09.12.2009)

Ramstein pensionat i Trondheim
Sigrid og Guri Sørumgård Botheim lanserer Ramstein pensionat hos Øksendal Libris i Trondheim, onsdag 8. desember kl. 18.00. Vel møtt!

(08.12.2009)

Nils Henrik Smith nominert til romanpris
Den kritikarroste romanen Austerrike av Nils Henrik Smith er blant dei tolv bøkene som er valgt ut til P2-lyttaranes romanpris.

(03.12.2009)

Jon Eikemo 70 år, og aktuell i ny biografi
Måndag 30. november vert Jon Eikemo 70 år. Samlaget gir i samband med 70 årsdagen ut ein samtalebiografi om skodespelaren. Jon Eikemo. Pokker til kar! av Dag og tid-journalisten Ottar Fyllingsnes.

(30.11.2009)

Julestemning med vakker biletbok
Jon og den lange julenatta av Hilde Myklebust er vakkert illustrert av Inger Lise Belsvik. Dette er ei nydeleg forteljing om underet som skjer i stallen julenatta og vil gå rett heim hos store og små.

(27.11.2009)

Gåvedryss og boktips i førjulstida!
Meld deg på adventskalenderen - vi plukkar ut tre vinnarar kvar dag.

Blant alle som melder seg på, vil ein heldig vinnar får tilsendt ei flott bokpakke til ein verdi av 1000,-.

(27.11.2009)

Vinn strikkeboka og garn!
Strikk den finaste selbuvotten!

Send bilete av selbuvottane - eller vantane du har strikka på e-post til svar@samlaget.no innan 28. februar. Vi kårar tre vinnarar som får den flotte boka Selbuvotten og garn for 1000 kroner frå Hillesvåg Ullvarefabrikk!

(27.11.2009)

Sjangerboksen - ei aktivitetspakke i norsk 8–10
Aktivitet - Differensiering - Variasjon
Gjennom ulike spel og aktivitetar får eleven trening i å produsere tekstar – både skriftleg og munnleg – innanfor ulike sjangrar. Læraren får hjelp i differensieringsarbeidet.


(25.11.2009)

Tilleggskomponentar: Nyheiter og førjulstilbod
Samlaget har fleire gode tilleggskomponentar som hjelper deg som lærar med å variere og tilpasse undervisninga. Vi har sendt ut ein brosjyre kor vi presenterer nye produkt på marknaden i tillegg til mange gode førjulstilbod. Sjå etter brosjyren i posten eller last han ned her:

Brosjyre: Tilleggskomponentar for 1.-10. trinn - Nyheiter og gode førjulstilbod!

(25.11.2009)

Staskassa - ein aktivitetspakke i norsk for 5.-7. trinn
Aktivitet - Differensiering - Variasjon
Gjennom ulike spel og aktivitetar får eleven god trening i å produsere tekstar – både skriftleg og munnleg – innanfor ulike sjangrar. Læraren får hjelp i differensieringsarbeidet.



(25.11.2009)

Brageprisen til Maria Parr!
I klassen Barne- og ungdomsbøker gjekk årets Bragepris til Maria Parr for romanen Tonje Glimmerdal.

Samlaget gratulerer!

(20.11.2009)

Nettstaden til Inn i livet er open! (17.11.2009)
Har du strikkedilla? (16.11.2009)
Ole Vig-prisen 2009 til Maria Parr (13.11.2009)
Bestill høgtidskalender for 2010! (12.11.2009)
Nydeleg praktbok om myteomspunne kystområde (12.11.2009)
Språkprisen 2009 til Stephen J. Walton (12.11.2009)
Ny, sterk roman frå Nils Henrik Smith (12.11.2009)
Systrene Sørumgård Botheim debuterer (09.11.2009)
Tre nominasjonar til Brageprisen! (09.11.2009)
Falturiltu 2009 (30.10.2009)
Nynorske litteraturdagar 2009 (29.10.2009)
Teikn tabula gratulatoria til Oskar Stein Bjørlykke (29.10.2009)
Avslørande og tankevekkjande om ulukker til sjøs (22.10.2009)
Vinnaren av samfunnsfagquiz er trekt! (22.10.2009)
Freistande om rakfisk (21.10.2009)
RLE-konkurranse: Vinnaren av iPod Nano trekt. (20.10.2009)
Lansering av ei slags julehistorie (19.10.2009)
Vil du bli ein miljødetektiv? (19.10.2009)
Utlandet til begjær og besvær (16.10.2009)
Første globaliseringsbok for ungdom (14.10.2009)
   
© 2010 Det Norske Samlaget Tlf: 22 70 78 00. Pb 4672 Sofienberg 0506 Oslo. Jens Bjelkes gt 12. Epost: det.norske @ samlaget.no