Send inn manus
Du er velkommen til å sende inn manuskriptet ditt til oss! Samlaget er alltid på jakt etter nye forfattarar – både til fagbøker og skjønnlitteratur.
Skjønnlitterær seksjon gir ut skjønnlitteratur for barn og vaksne på nynorsk, og vil gjerne ha manuskriptet ditt tilsendt. Sakprosaseksjonen er i første omgang interessert i å høyre kva idé du har, så ta gjerne direkte kontakt med forlaget eller send inn manuset ditt til oss.
Manuskriptet må vere skrive på PC. Lever manuskriptet med sidetal, brei marg og linjeavstand 1,5 eller 2. Det gjer det lettare for oss å lese og ev. notere kommentarar i manuskriptet. Hugs å markere avsnitt. Legg gjerne ved eit følgjebrev med nokre opplysningar om deg sjølv. Hugs også adresse og telefonnummer.
Dersom du sender manuskript til fleire forlag samtidig, vil vi helst ha beskjed om det. Vurderingstida på manuskript er om lag seks veker. I periodar med stort arbeidspress kan det ta litt lengre tid. Når redaksjonen er ferdig med vurderinga, vil du få ei skriftleg tilbakemelding.
Post
Det Norske Samlaget
Litterær avdeling
Postboks 4672 Sofienberg
0506 Oslo
(Merk konvolutten ”skjønnlitterær redaksjon”)
Mail
manus@samlaget.no
(Hugs namn, adresse og telefonnummer og andre opplysningar på manusets første side).