I sin nye roman tek Gavalda igjen for seg venskap og familieforhold, men i eit mindre format denne gongen! Denne boka er lett, øm og full av humor, ein hyllest til gode syskenrelasjonar, til irriterande svigersystrer, til franske vinar og bakeri.
Frå fransk ved Tove Bakke.
Anna Gavalda (f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg. Novellesamlinga ...
Siste nye titlar
kr 129,-
Medrivande og sikker romandebut. Mattis er tilbake der han kom frå, og då han som vaksen trør over terskelen til bestefarshuset, slår minna imot han som ein velplassert knyttneve i magen.
kr 129,-
Otto og Sophie Bentwood bur i eit renovert rekkjehus i Brooklyn. I hylla har dei Goethes samla verk, dei har fått installert eit nytt rustfritt stål-kjøkken, og Mercedesen står parkert ved fortauet utanfor. Etter at Sofie blir biten i handa mens ho prøver å mate den utsvoltne nabolagskatten, begynner ei rekke små og illevarslande ulykker å heimsøke livet deira. Gradvis avslører dette svakheitene og brestene i eit ekteskap - og eit samfunn - som er i ferd med å falle frå einannan.
kr 129,-
Jan Roar Leikvoll fekk stor merksemd for debutboka Eit vintereventyr, og med si andre bok viser han seg nok ein gong som ein original forteljar som tør å gå heilt eigne vegar.
kr 129,-
Johan vaknar opp til første dag i sommarferien, men ingenting er som det skal vere.
kr 129,-
Georg Ulveset er ein middelaldrande, skild lektor som innser at han er misfornøgd med dei fleste vala han har teke i livet, utan at han heilt veit kva han skal gjere med det.
kr 129,-
Underhaldande roman med sterkt driv. Harald Strand har pakka koffert og laptop og reist til Costa Blanca, ein av Europas største byggjeplassar, for å fullføre doktoravhandlinga si om Henrik Ibsens drama. Men han har med seg rastløysa og problema heimanfrå, og borte ved bassengkan ...
kr 129,-
Eit vintereventyr utspelar seg i ein arbeidsleir. I eit brutalt og rått kvardagsliv lengtar hovudpersonen etter å bli elska. Håpet om at kjærleiken finst der det finst menneske, same kor forferdelege ting som skjer, tar all plass i tankane hans.
Side 1 av 12