Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Wroclaw
Status: I sal
ISBN: 9788252179286
Utgåve: 1
Opplag: 1
Utgitt: 2011
Format: Innbunden


Del |

Wrocław

Stilsikker og spennande debutroman

Innbunden  kr 359,-
Vi følgjer ein omreisande mann i trettiåra gjennom to døgn i den polske byen Wrocław, der han gradvis blir ført til mentale utpostar og fysiske avkrokar i den elles vakre byen.

Han møter personar som utfordrar identiteten og grensene hans, mellom anna nabokvinna på hotellet som på utstudert vis innlemmar han i eit trekantdrama som skal vise seg å bli avgjerande for opphaldet hans. Skaret bygger opp romanen gjennom indre monologar, refleksjonar og minne, mens den ytre handlinga avgrensar seg til scener frå hotellet og området rundt. Wrocław er ein spennande og stilsikker roman som fangar lesaren i byen, hotellet og i hovudet til hovudpersonen, og ikkje slepp taket.

Frå bokmeldingar
Elegant skrivekunst ... en stilsikkerhet uvanlig blant debutanter. Man kunne sitert vilkårlig fra nær sagt hvor som helst i boken, og det siterte ville båret bud om en forfatter som tenker dypt og skriver lett.
Fartein Horgar,  Adresseavisen
Skaret skriv essayistisk nesten like godt som Solstad, og han har Knausgårds varleik for omgjevnadane ... Alt i alt vitnar dette om ein interessant forfattarskap.
Eskil Skjeldal,  Dag og tid

Fin debut om reising og by ... I blant dukker det opp bøker som har denne fine egenskapen som best er beskrevet av Bob Dylan i den klassiske Ballad of a Thin Man; det er noe som foregår her, men du vet ikke helt hva det er? Når forfatteren klarer å få denne stemningen av uvisshet hos leseren til å vare uten at interessen fortaper seg, er den rendyrkede leseopplevelsen rett rundt hjørnet. Erlend Flornes Skaret lykkes langt på vei ... Det er med andre ord en dristig komposisjon Flornes Skaret har satt sammen, faren for å miste leseren underveis er til stede. At dette litterære motet viser seg i en debut er både gledelig og lovende ... det er i høy grad verdt bryet å ta veien til de siste sidene i denne uvanlige og interessante debutromanen.

Leif Ekle,  NRK
"Wroclaw er ein mogen, utfordrande debutroman som imponerer."
Steinar Sivertsen,  Stavanger Aftenblad
print
Erlend Flornes Skaret
(f. 1976) kjem frå Bømlo, og bur no i Oslo, der han arbeider som sivilingeniør. Han har gått på forfattarstudiet i Bø. 
Kalender
Lunsj og lyrikk om Hulda Garborg:   Møt Arnhild Skre måndag, onsdag og fredag
Aktuelt
Jon Fosse, Patti Smith og Lene Kaaberbøl bokaktuelle på Samlaget
Samlagsbloggen
30.01.2012: 
Her er ein tekst om Marta Breens fine bok Rosa streker, røde tall som blei gitt ut på Manifest forlag i fjor. Eg skryt av boka, så om du ikkje gidd å lese teksten, er det berre å gå rett til kjelda. Teksten var på trykk i Bergens Tidende i går.Når Marta Breen skriv om norsk helsevesen med utga ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no