Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Adam Hiorths veg
Status: I sal
ISBN: 9788252177688
Utgåve: 1
Opplag: 1
Utgitt: 2011
Format: Innbunden


Del |

Adam Hiorths veg

Ein syklande Don Quijote i sprek miljøroman!

Innbunden  kr 359,-
Den kjende miljøvernaren Jon Utskott legg ut på sin årlege sykkeltur frå aust til vest, og tek svært motvillig med seg den unge dokumentarfilmskaparen Adam Hiorth.

Som vår tids Don Quijote og Sancho Panza legg dei ut i teneste for det gode, men hamnar fort i eit blodig torgslag. På ferda gjennom Noregs indre ventar mange eventyr: Dei badar i ein forheksa sjø, drikk med Døden og hans muntre følgje, og allslags folk kjem til dei med sine historier. Den unge Hiorth har mykje å lære av sin eldre turkamerat, ikkje minst på damefronten. Jon Utskott på si side har begynt å vakle: Han grunnar på kva det er han har fått utretta gjennom sin livslange kamp for miljøet. Vegen er ikkje så bein som han ein gong var. Spørsmåla har ingen enkle svar, og det mørknar i horisonten. Kor mange motbakkar og kor mykje juling vil dei to klare å takle før ferda endar?

Frå bokmeldingar
Terning 6

Ei festreise for lesaren ... Det er lenge sidan eg har humra og ledd så mykje og så hjarteleg som under lesing av denne boka – som også har ein bodskap.

Emil Otto Syvertsen,  Fædrelandsvennen
Terning 5Brit Bildøen evner stadig å fornye seg som forfatter, hopper lett over sjanger-gjerdene, og beveger seg ubesværet fra det nær tragiske til det rått komiske.
Trine Styve Varlo,  Haugesunds Avis
Brit Bildøen balanserer lett på line mellom det burleske og det politiske ... romanen [blir] også eit generasjonsportrett, og eit fingerpeik­ til alle mannen-i-k­rise-disk­usjonane ... Brit Bildøe­n skriv me­d o­ve­rsko­t ... u­nde­r de­n hu­mo­ristiske­ o­ve­rflata, ve­d sida av le­ike­n me­d de­n me­st kano­nise­rte­ av alle­ kano­­nise­rte­ ro­manar, o­g bak de­t le­ttle­sne­ o­g e­le­gante­ språke­t, ligg de­t e­it dju­pt alvo­r. Bildøe­n har skrive­ e­in satirisk ro­man. Ut­sko­tt e­r e­in ko­misk ide­alist, de­t inkarne­rte­ dårle­ge­ samvite­t, o­g langt me­ir e­nn e­in sykkelryttar me­d be­drøve­le­g andle­t.
Nora Simonhjell,  Morgenbladet

En kostelig lesestund ... like varmt komisk som forelegget krever; like hjertelig og like undrende klok i sin omgang med de store spørsmålene.

Leif Ekle,  NRK

Bildøens smått geniale grep forener en generasjonskonflikt, en reise gjennom landet, et sveip innom miljøkampens historie og dagsaktuelle konflikter - alt med romansjangerens kanskje mest berømte historie som bakteppe. I likhet med forelegget blandes skarp samfunnssatire og lettbeint komikk med dramatiske innslag, samt en dæsj av livets store spørsmål. Det er et lettlest stykke prosa med stor underholdningsverdi, men slett ikke uten eksistensiell dybde.

Cathrine Strøm,  Klassekampen

Høstens morsomste og kanskje viktigste bok ... Selv om miljøsaken har sentral plass i fortellingen oppleves den mest som en hyllest til idealisten; den som utrettelig holder fast på sin overbevisning, også når vinden blåser en annen vei. En herlig fornøyelig fortelling med et stort alvor i bunn.

Maria Årolilja Rø,  Adresseavisen

Innimellom lurer Bildøen inn opplysninger både om miljø og matvaner, ulv og trekkfugl, men stort sett får vi skildringer av livet på landeveien. Jeg leser (…) boka som en hyllest til den norske naturen: til åser, fjell, vidder og skoger. Det skorter ikke på språket, Bildøen har språklig kreativitet nok til å fylle en fjordtarm.

Ellen Sofie Lauritzen,  Dagsavisen

Brit Bildøen har tatt ei ny og overraskande retning i forfattarskapen sin med den blodferske romanen Adam Hiorths veg ... ei vital, viktig og tankevekkande forteljing.

Jostein Sæbøe,  Romsdals budstikke
print
Brit Bildøen
(f. 1962) er forfattar og forlagskonsulent. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan gitt ut barnebøker, gjendiktingar, romanar og essay ...
Vis forfattarblogg
Fleire bøker frå Brit Bildøen:
Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no