Ulfr tar høvdingtittelen på skipet og lokkar mannskapet med seg på ei vill havferd nedover kysten av Store Serkland (Afrika), vidare opp Kongo-elva og mot det indre av Afrika. Skildringa av ferda over havet og innover i jungelen har slektskap med klassiske romanar som Moby Dick og Heart of Darkness. Det skal visa seg at Ulfr ikkje er heilt den han har gjeve seg ut for og at mannskapet ikkje anar målet for reisa før det er for seint.
(f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder.
Hard er mitt lands lov er debutboka hans.
kr 369,-
Denne vidunderleg originale romanen om den mest profilerte familien på Island, startar med far til Björk, som er elektrikarlærling og seinare fagforeiningsmann. Den strekkjer seg fram til Björks ungdomstid og hennar internasjonale gjennombrot.
kr 359,-
Ein forfattar har skrivesperre, og forlaget masar i veg om den store sjøromanen han har lova å skrive. Men livet skriv seg sjølv. Forfattaren er på veg mot noko, både på det indre og ytre plan. Dette noko har ein klar samanheng med ei dramatisk hending som ein gong endra bror ...
kr 359,-
Vi følgjer ein omreisande mann i trettiåra gjennom to døgn i den polske byen Wrocław, der han gradvis blir ført til mentale utpostar og fysiske avkrokar i den elles vakre byen.
Side 1 av 52