Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Status: I sal
ISBN: 9788252177398
Utgåve: 1
Opplag: 1
Utgitt: 2010
Format: Innbunden


Del |

Blå fuge for far min

Sanseleg og fargerikt om musikk

Innbunden  kr 359,-
I små episodar frå barndomsår i Molde gir Grete Kleppen eit varmt portrett av far sin.

Han var skomakar og ein svært sentral person i musikklivet i småbyen. Faren og musikken pregar barndommen, saman med historier frå tidlegare tider, som når byen blir bomba i april 1940, og faren flyktar med musikkinstrumenta sine, Keisar Wilhelm 2. kjem på sommarbesøk, og kunstnaren Kurt Schwitters kjem til skomakarverkstaden med dei utgåtte skorne sine.

Frå bokmeldingar
«Velvalde akkordar for musikkelskande far. … Dei mange vakre skildringane gjer boka særprega og fleire stader eventyrleg; eit døme er avsnittet der olde- foreldra hennar, Iver og Malene, ser Keisar Wilhelms skip Hohenhollern gå inn Moldefjorden. For eit fantastisk fortidsglimt! Her gløder sommaren, her er musikk, og eit skip med Europa om bord! Grete Kleppens fine farsportrett er eit godt val no når hauststormane driv oss innandørs og inn i sesongen for dei lune lenestolar.»
Sofie Braut,  Stavanger Aftenblad
«Ein vakker og sanseleg roman … Den store styrken hennar er dei sanselege skildringane av smått (som blir stort) gjennom barneauge. Det er som om barnet i henne er heilt ubesudla og uforstyrra av det faktum at ho i mellomtida har vakse opp.»
Ingvild Bræin,  Dag og Tid

«Kleppens språkføring og forteljestil står det respekt av. Nynor- sken er ledig og presis på same tid, ofte med ein lun underliggjande humor og stundom med reine poetiske parti. Sjølv om romanen er proppfull av ulike episodar, er det farsskikkelsen som er det abso- lutt tematiske sentrumet og som knyter saman alle dei fargerike trådane i boka til ein fascinerande heilskap. Bak det heile anar vi at forfattaren vil gjere ære på og vise sin kjærleik til eit men- neske som har forma henne på så mange vis, men utan ein augneblink å bli senti- mental og tårevåt. Og takk for det.»

Jostein Sæbøe,  Romsdals Budstikke
print
(f. 1953) er frå Molde og bur i Frankrike. Ho debuterte skjønnlitterært med romanen Ada i 1998.  Kleppen har omsett fleire bøker frå fransk, mellom anna roma ...
Fleire bøker frå Grete Kleppen:
H : roman 
Ada : roman 
Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no