Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Kosmopolis. Dikt frå den norrøne diaspora

Ny høgnorsk diktsamling frå Cornelius Jakhelln!

Innbunden kr 279,-
Forfattar og musikar Cornelius Jakhelln kjem med si sjette diktbok Kosmopolis. Dikt frå den norrøne diaspora, der han – på høgnorsk, nynorsk, dialekt og riksmål – held fram si eklektiske tilnærming til mytar og språk. Her viser diktaren seg som ein kosmopolitisk utopikar som prøver å utvide verda gjennom dikt, men også som ein beisk satirikar, hammarsvingande rimsmed, samtidig slangetemjar og var kjærleiksdiktar.
Cornelius Jakhelln
(f. 1977) er forfattar, musikar og bokmeldar i Morgenbladet.  Jakhelln vann Bonnier-Cappelens store nordiske romankonkurranse i 2007 med sagaromanen Gudenes ...

Siste nye titlar

Å våga seg ut i ord
kr 399,-
Gjennom ti år har Diktkammeret vore ein klekkje- og boltreplass for ny poesi på nettet. Kvar månad blir det posta 6000 nye dikt på Diktkammeret, og heilt sidan starten har det blitt kåra «Månadens dikt».
Lirum larum
kr 259,-
Utgangspunktet for den nye samlinga til Finn Øglænd er at poeten opplever å runde 50. Vissa om at han no definitivt oppheld seg i middelalderen, medverkar til å kaste både sollys og skugge over diktarens rørsler på jorda.
Armane mine handlingar
kr 269,-
I denne diktboka blir vi mellom anna tekne med til eit bølgjekraftverk som er øydelagt av ei bølgje og lagt ope for menneskeleg innsyn. Naturen er i ferd med å ta tilbake det menneskeskapte. Kampen mellom språk og natur, mellom tid og minne står sentralt. Gjennom tekst og fotogra ...
Smil utan smilar
kr 269,-
Smil utan smilar er ei mangfaldig og overraskande bok, til ettertanke og til å smile av. Geografien i boka strekkjer seg frå Glomma til Sahara, og vi får lese om alt frå alderdom og kjærleik til kamelar og ørkengudar. Bli med gjennom nålauget, til Einar Øklands oasar!
Den hesten er av snø
kr 249,-
Denne strålande diktboka gir lesaren ei unik kjensle av å vere med inn i det umiddelberre, til ei verd der erfaringar, minne, observasjonar og opplevingar blir sett ord på.
Hjartemekanikk
kr 259,-
I den eine augeblinken er dei på veg til stranda for å bade, i neste augeblink blir dei påkøyrde av ein bil.
Kasser
kr 259,-
Christophe Tarkos blir rekna som ein fornyar av den franske poesien.
Side 1 av 41
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no