Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Det nynorske blikket
Status: Utseld
ISBN: 9788252160369
Utgåve: 1
Opplag: 1
Utgitt: 2002
Format: Innbunden


Del |

Det nynorske blikket
Innbunden  kr 343,-
I ei faktaspekka og mangfaldig essaysamlinga er Ottar Grepstad på leiting etter det som gjer nynorsk til meir enn eit språk. Med overtydande og offensiv dokumentering syner han kva styrke som ligg i nynorskbrukarens identitetar innafor den språkkløyvde norske kulturen.

Glimt frå barndom og oppvekst tener som opplysande bakgrunn for ein stilsikker forfattar som både dreg lange linjer og ser meiningsberande detaljar. Jamvel tabellar og figurar blir til overtydande og underhaldande belegg, og her og der skriv han små historier inn i dei store.

Ottar Grepstad fornyar biletet av fleire profilerte nynorskbrukarar, og endevender tallause kjelder for å kunne gi sin versjon av hendingar og aktørar som til no har vore ukjende. Slik kjem lesaren tett på enkeltpersonar, institusjonar og miljø som har prega dette landet dei siste 150 åra ? som Arne Garborg og Peder Hovdan, Johs. Aanderaa og Berge Furre. Og i det mannsdominerte nynorske anegalleriet kjem her også glimt av gløymde og gøymde kvinner. For første gong får vi her ein brei presentasjon av det mangslungne kulturmiljøet i den såkalla Askerkretsen og i essayet "Kaffikoppens kulturelle kraft" demonstrerer Grepstad den sentrale rolla kaffistovene har spela for nynorskrørsla.. I det avsluttande essayet inviterer forfattaren til ei kulturhistorisk detektivjakt etter avisredaktøren Lars Stavnheim.

"Det er ei morosam bok. Grepstad skriv drivande, uventa, med innfall, utfall, på omvegar og fjellstigar, slik det høver seg ein etterkomar av dei lunefulle og motseiingsfylte fjellgeitene på 1800-tallet, som skapte det målet han nå boltrar seg i."

Karsten Alnæs, Dagbladet

Les heile meldinga her

"[...] lesegledene er mange og til dels overraskande."

Per Egil Hegge, Dag og Tid

Les heile meldinga her

"Grepstad kan kunsten å finne nye og overraskande vinklar i beskrivinga av fenomen vi trudde vi visste om, og ikkje minst bokmålsbrukarar vil gjennom å lese boka få ny innsikt i ei side ved norsk kultur som ingen kan unngå å ha eit forhold til."

Lars S. Vikør, Apollon

Les heile meldinga her

print
Ottar Grepstad
(f. 1953) er direktør ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta.  Grepstad har tidligare vore forlagsredaktør, redaksjonssjef og ass. forlagssjef i Det Norske Samlaget, r ...
Fleire bøker frå Ottar Grepstad:
Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no