Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Lyrikk, drama og essay

Vid din sida

Om kjærleik når minnet forsvinn

Innbunden kr 269,-

Når Ingrid og Johannes saman syng «Vid din sida», er dei tilbake i sine lykkelegaste dagar. Men i dag er Johannes dement, og har ikkje lenger nokon kontakt med denne fortida. Forholdets mørkare sider kjem til syne når dei siste åra fors-vinn frå hukommelsen. Kan kjærleiken overleve at det felles minnet om den forsvinn? Stykket handlar om korleis det er å leve som dement og med ein dement. Ei kjærleikshistorie om ein families kamp for å halde fast i seg sjølv, verda omkring dei, og kvarandre.

 

Stykket hadde premiere på Teater Innlandet i oktober 2011.

Sigmund Løvåsen
(f. 1977) er frå Trysil. Han debuterte med romanen Nyryddinga i 2003, ei bok han fekk både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2-lyttarane sin romanpris for. Romane ...
Å våga seg ut i ord
kr 399,-
Gjennom ti år har Diktkammeret vore ein klekkje- og boltreplass for ny poesi på nettet. Kvar månad blir det posta 6000 nye dikt på Diktkammeret, og heilt sidan starten har det blitt kåra «Månadens dikt».
Lirum larum
kr 259,-
Utgangspunktet for den nye samlinga til Finn Øglænd er at poeten opplever å runde 50. Vissa om at han no definitivt oppheld seg i middelalderen, medverkar til å kaste både sollys og skugge over diktarens rørsler på jorda.
Armane mine handlingar
kr 269,-
I denne diktboka blir vi mellom anna tekne med til eit bølgjekraftverk som er øydelagt av ei bølgje og lagt ope for menneskeleg innsyn. Naturen er i ferd med å ta tilbake det menneskeskapte. Kampen mellom språk og natur, mellom tid og minne står sentralt. Gjennom tekst og fotogra ...
Smil utan smilar
kr 269,-
Smil utan smilar er ei mangfaldig og overraskande bok, til ettertanke og til å smile av. Geografien i boka strekkjer seg frå Glomma til Sahara, og vi får lese om alt frå alderdom og kjærleik til kamelar og ørkengudar. Bli med gjennom nålauget, til Einar Øklands oasar!
Side 1 av 69
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no