Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Ørsmå gleder
Status: Utseld
ISBN: 9788252154832
Utgåve: 1
Opplag: 1
Utgitt: 2000
Format: Innbunden


Del |

Ørsmå gleder
Innbunden  kr 211,-
Ørsmå gleder er ei liten bok om livskunst - om alle dei tinga som gjer livet godt å leve.

Ørsmå gleder minner deg på å nyte livet: forventninga i ein kinosal før filmen begynner, smaken av den første slurken øl, lyden av dynamoen syklande i mørket ein lun haustkveld, duften av ferskt bakverk. Philippe Delerm viser oss at livet finst i augneblinken, og i minna om sanseopplevingar vi hadde som barn. Ørsmå gleder er ei bok som let oss oppdage på nytt det vi kanskje hadde gløymt - alle dei tinga som gjer livet godt å leve.

Den første slurken med øl begynner lenge før svelget. Allereie på leppene, dette skummande gullet, ei friskheit forsterka gjennom skummet, og deretter langsamt mot ganen, ei lykke silt gjennom beiskheit. Så lang den verkar, den første slurken! Ein drikk den straks, med ei falskt instinktiv grådigheit. Når sant skal seiast er alt saman gitt på førehand: mengda, dette akkurat passelege som utgjer det ideelle agnet; det øyeblikkelege velværet som blir understreka med eit sukk, ei smatting, eller ei stille som er på høgde med dei begge; den svikefulle kjensla av ei nyting som opnar seg mot det uendelege? Samtidig veit ein det alt. Det beste er forbi.

print
Philippe Delerm
 
Fleire bøker frå Philippe Delerm:
Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no