Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Helge Torvund
Foto: Åge Bjørnevik, Jærbladet

Helge Torvund

(f. 1951) er lyrikar, kritikar og psykolog. Han debuterte med Hendene i byen i 1977 og har seinare gitt ut ei lang rekkje diktbøker. Han har også skrive barnebøker, fagbøker og gjendikta amerikansk lyrikk.

Med samlinga Lyssmeden (1983) etablerte Torvund seg som ei solid lyrisk stemme i den norske litteraturen, og for Den monotone triumf (1989) blei han tildelt Nynorsk litteraturpris. Torvund har sidan gitt ut bøker nesten årleg, og i 1996 fekk han Samlagsprisen for sin forfattarskap.

Alt er høy, frå 2007, var Torvunds 25. diktsamling. Denne nyskapande samlinga vekte stor oppsikt i det litterære Noreg og blei mellom anna kalla eit «litterært jordskjelv». Gjennom lange linjer fletta Torvund saman det barokke og det surrealistiske i eit inderleg biletspråk, og både utvida og utvikla sitt poetiske univers.

I Sjelsord (2008) viser Helge Torvund korleis orda kan vere forløysande i situasjonar der menneske er i endring, og drøftar språket si viktige rolle ved psykiske lidingar.

Torvund arbeider som psykolog, er diktlærar på nettstaden Diktkammeret og var i mange år hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Han bur på Ogna i Rogaland.

print

Fleire bøker frå Helge Torvund

Sjelsord
kr 329,-
Ord kan opne nye sjelelege landskap, skape orden av kaos og gi oss ei bru over til andre. I denne boka viser Helge Torvund korleis orda kan vere forløysande i situasjonar der menneske er i endring. Han fortel om menneske som har hatt behov for å finne nye tenkjemåtar og nye strategiar for å handsame verda, andre menneske og seg sjølv. Då kan orda vera det mektige og spinkle verktøyet ein treng for å kome seg vidare.
Alt er høy
kr 300,-
Helge Torvund debuterte for 30 år sidan med diktsamlinga Hendene i byen. Han har sidan publisert ei lang rekkje diktsamlingar, barnebøker, gjendiktingar og essay. Alt er høy er hans 25. diktsamling. Her utvidar og utviklar han sitt poetiske univers. Gjennom lange linjer flettar han saman det barokke og det surrealistiske med eit inderleg biletspråk som rører seg på mange plan av tilværet.
Opp i dagen
kr 250,-
Helge Torvund er ein av våre mest erfarne poetar. Han varierer formspråket til stundom å uttrykkje vare klangar, og andre gongar heftige sinnsrørsler. I Opp i dagen er uttrykket stramt og minimalistisk.
Nattlys
kr 200,-
Kvilande vengFuglestilleperlehøneposisjonVaktsammed sitt milde rosa sporKlartenkt i det irrmørkeSkarpt lyttandelangs ytterkantaneav sitt oppladde persepsjonsfeltObservatørenergiNærverande roi klangbotnenMerksemdas instrument
Trur du på lyng?
kr 200,-
Dette er dikt som tek livet innover seg, og som ringar inn samanhengar mellom liv, natur, kjærleik og livsinnsikt. Sterke augneblinkar opnar seg i kvart dikt – og dikta skaper eit samanhengande poetisk univers.
Diktkammeret
kr 210,-
Å skrive dikt byrjar her. Diktkammeret er ei inspirerande handbok for alle som har lyst til å skrive dikt, og ho gjer det mykje lettare å kome i gang med diktinga.
Kitty K.
kr 250,-
Årets diktsamling frå Helge Torvund inneheld seks avdelingar, og er skrive med alvorsam vitalitet og femnande rørsler.
Inntil vidare ventar me her
kr 200,-
Samlinga inneheld 34 dikt om å sjå på dagleglivet. Forfattaren har tidlegare gitt ut 18 diktsamlingar.
kr 205,-
I komposisjon kan denne diktsamlinga minne om ein årssyklus der dei einskilde dikta er det som hektar året og dagane i hop. Her er mange lovsongar og hymner til konkrete, kvardagslege fenomen vi ofte overser og altfor ofte er på veg bort frå. Dikt om nyutsprungen osp og lønn på Jæren, om landskapet og havet; ein sansa poetisk natur full av liv og rørsle som gir plass til både Ray Charles og Marc Chagall ved sida av landskapets eigne folk og stemningar. For denne diktsamlinga vart Helge Torvund tildelt Samlagsprisen 1996. Torvund (f. 1951) debuterte i 1977 med diktsamlinga Hendene i byen. Dette er den sekstande diktsamlinga hans.
kr 300,-
Her er samla artiklar og essay frå 15 år. Forfattaren har gripe tak i nokre høgdepunkt av leseopplevingar og skriv om m.a. Tor Ulven, Tor Obrestad, Pentti Saarikoski, Sigmund Mjelve og Obstfelder. Med litteraturliste og personregister. Det norske land er fullt av folk med doktorgradar og magistergradar og det som mindre er. Somme av dei skriv om litteratur, nokre jamvel om lyrikk. Men likevel må det ein poet til for å skrive om poesi slik at ein tenkjer i emnet med heile seg. Det har Helge Torvund gjort.
kr 200,-
I denne mangfaldige diktsamlinga møter vi glimt av barndom og oppvekst i landskapet på Jæren, her er bynetter og døden si adresse, og hymner til det som hektar dagane i hop. Det diktaren tidlegare har kalla ein kjærleik større enn stareflokkar.
Til fots i mitt namn
kr 150,-
Denne jærbuen, som debuterte i 1977, har gjort seg kjend som ein av våre markante og biletsterke lyrikarar. Eigenskapen av språk og sansing, tanke og kropp er kanskje klarare enn nokon gong i denne diktsamlinga. Her er ord samankopla med brusk i ein virvel, rytme som ei varm hand imot kneet og berrhovda setningar tette som hår. Uventa utsikter opnar seg frå toppen av eit sandkorn, mot appelsinforma gleder og brutalitet, mot depresjonsmusikk og søyler av vellyst.

Siste bok

Å våga seg ut i ord
kr 399,-
Gjennom ti år har Diktkammeret vore ein klekkje- og boltreplass for ny poesi på nettet. Kvar månad blir det posta 6000 nye dikt på Diktkammeret, og heilt sidan starten har det blitt kåra «Månadens...

Litterære prisar

Rogaland Mållags målpris
Rogaland Mållags målpris for 2006.

Samlagsprisen
Samlagsprisen for 1996.

Nynorsk litteraturpris
For Den monotone triumf.

Pier Paolo Vergerio
For Brødfanten og andre skabelonar.

Hartvig Kirans minnepris
Hartvig Kirans minnepris for 1982.

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no