Fire systrer sju - finaleepisode
Lagt inn: måndag 9. januar 2012
Resymé: I førre episode vart Sigfrid og Ingfrid innelåst på sagbruket i Namsos. Gudfrid og Kjerfrid var på veg til Namsos da det plutselig begynte å svi litt inni Kjerfrid. Og svi gjorde det jammen i Spania òg, mor og far Solbot brann opp, i noko som legevitskapen skildrar som tilfelle nummer to og tre i verda av den nyleg godkjente diagnosen spontaneous self combustion.
Ei av dei fire systrene skal arve foreldras memoarar. Her finst svaret på korleis mor og far Solbot greidde å få fire barn etter dei var 60 år. Foreldra til Gudfrid, Kjerfrid, Ingfrid og Sigfrid har emigrert til Spania medan døtrene bur åleine i Asker.
Namsos tredje sommarmånad 1992, fødeavdelinga Namsos sjukehus
– Hei, eg heiter Alf Fartein, eg skal assistere ved denne nedkomsten. Men før du set i gang og fø'r må eg berre overlevere eit bodskap ... Vi har fått inn ein faks frå Spania. Gudfrid og Kjerfrid, de vil kanskje setja dykk ned. Foreldra dykkar er døde. Den offisielle dødsårsaken er spontan sjølvantenning. Kondolerer. Liv forsvinn, liv tek til.
Ingfrid og Sigfrid famlar seg fram i mørkret. – Kva slags plass er dette eigentleg? spør Ingfrid. Plutseleg opnar det seg ei dør framfor dei, og ein mann stig inn i salen. Han seier: – Dåkk har visst glæmt av matpakkan dåkkers. Ingfrid og Sigfrid utbryt i kor: – Tande P! Du her!? Shit telekommunikasjonssatelitt. – Æ e omnipotent. Åpn matpakka no, veitja. Så må dåkker fær te sjukehuse for dær legg a Kjerfrid å før en kronhjort. Æ mene kronarving. Tronarving.
Dørene i salen opnar seg, men før Ingfrid og Sigfrid spring av garde, må dei spørja kva lille Martin eigentleg har med saken å gjera. – Hm, ingenting, nå bur han i Kina, svarar Alf Tande P. Så styrtar dei to jentene ut forbi resepsjonen og i retning sjukehuset.
På sjukehuset ballar det på seg for å seia det mildt. Kjerfrid prustar så godt ho kan. Alf Fartein ropar og herjar, Alf Skille står og intervjuar ho. Gudfrid legg kalde klutar i panna på Kjerfrid. Så kjem Sigfrid og Ingfrid styrtande inn på rommet med kvar si matpakke. – Høyr på oss nå! ropar dei. Her er memoarane! Dei ligg mellom brunosten og knekkebrødet!
Memoarane:
«Kjære born. Nå som de les dette, veit de at vi har vandra til dei evige solkystar. Vi reknar med at de er gamle nok nå til å forstå forholda rundt befruktinga og fødslane av dykk. Vi vil forklare dette slik at de kan følgje vårt eksempel.
Vi ville vente med å få ungar til vi var over midtlivskrisa. Ingen har godt av å vekse opp i ein heim med krisemaksimerande foreldre. Men korleis skulle vi få til å bevare mor Solbots egg og far Solbots spermiar? De hugsar nok at det var veldig kaldt i huset da de var småe. Det var mange ENØK-tiltak i heimen. Det var ein grunn til det. Ved å senke temperaturen i huset til 10 grader, vart huset eit kjøleskap for kroppane våre. Mor Solbots egg fekk lang haldbarheit. Det var enda kaldare inne på sengerommet. Vannsenga vår fraus nesten til is. Det var godt for ryggen.
Kvar gong vi ville unnfange ein av dykk, heva vi temperaturen, og underliva våre fekk ein 'ny vår'. Da Sigfrid kom til verda var vi så frosne at vi bestemte oss for å flytte til syden for å varme oss. Det vart fort varmt. Helsing mor og far.»