Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Linn T. Sunne
Foto: Tove K. Breistein

Linn T. Sunne

(f. 1971) er barnebokforfattar. Ho debuterte i 2000 med Stjernestøv og har sidan skrive fleire bøker for barn og unge, m.a. Happy, som ho fekk Brageprisen for i 2007.

Sunne er oppvaksen på Kongsberg og i Valldal på Sunnmøre. Bøkene hennar er kjenneteikna av at Sunne kjem tett på målgruppa si, og på glimrande vis skildrar kjærleik, sorg, vennskap og kjensla av at alt endrar seg.

Sunne er utdanna allmennlærar og har arbeidd i barne- og ungdomsskolen. Ho bur no på Dokka, og arbeider med litteraturformidling for barn og ungdom på bokbussen i Oppland.

print

Fleire bøker frå Linn T. Sunne

Blå blondie
kr 59,-
Katti og Pernille skal ha sommarfest og maks gøy! For litt må ein unne seg når ein er åleine og har foreldre som berre sender meldingar, pengar og lite anna. Men kor gøy blir det eigentleg, når søstera til Katti ligg på Radiumhospitalet? Og kven skal få seg kjærast denne kvelden?
Happy
kr 199,-
VINNAR AV BRAGEPRISEN 2007NOMINERT TIL ARKS BARNEBOKPRIS 2007Mo har kome flyttande til den nye staden saman med faren, som har fått jobb i kommunen. Vi møter Mo på første skuledagen i åttande klasse, og ser korleis ho taklar alle dei nyfikne spørsmåla frå lærar og elevar.
Luna
kr 172,-
Emma går i sjette klasse og har nettopp fått ei lita veslesøster. Mor må ta seg så mykje av den nyfødde jenta at ho slit seg heilt ut, blir deprimert og må reise bort på kvileheim.
Under morelltreet
kr 200,-
Ei fin og gripande bok om vennskap, og om korleis det er når ein bestevenn går bort.

Siste bok

Saiko
kr 179,-
Simon og Ella møtest under greinene på heggen, alt er søtt og sommar og nesten eit kyss. Det er denne sommaren alt det gode må skje.

Simon og Ella møtest under greinene på...

Litterære prisar

Brageprisen
For Happy.

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no