Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Bjørn Sortland

Fødd 1968 i Sunnhordland, bur no i Oslo.

Studert ved Skrivekunstakademiet i Bergen.

Utdanna sosionom.

Frå 1998 forfattar på heiltid.

Prisar:

Prix Octogone 1994, Det austerrikske kulturministeriets barnebokpris 1995,

Deutscher Jugendliteraturpreis 1996 for "Raudt, blått og litt gult" saman med Lars Elling.

Prix Octogone 1995 for "Forteljinga om jakta på forteljinga" saman med Lars Elling.

Noregs Mållags barnebokpris 1995 for "Himmelkyss".

Kulturdepartementets litteraturpris 1997 for "Love Light".

1. pris i Aschehougs barnebokkonkurranse 1997 for "Den solbrente mammaen som blei bytta mot ti kamelar".

Skolebibliotekarforeningens litteraturpris 1999 for "Å venta på regnbogen" og dei andre kunstbøkene.

Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond 2000

print

Fleire bøker frå Bjørn Sortland

Fallskjermhopparen og togføraren løyser kryssord
kr 300,-
Dette er ei kjærleikshistorie, der hovudpersonane, ein mannleg lokomotivførar og ein kvinneleg fallskjermhoppar, møtest til slutt og løyser kryssord saman, etter først å ha lengta kvar for seg mot noko dei ikkje heilt veit kva er. Sortlands sympatiske og fantasifulle tekst er innlevd i Fam Ekmans illustrasjonar; dei er direkte kommentarar til teksten og ber samstundes fram noko sjølvstendig og noko anna. Ei vakker og nyskapande bok.
Love light
kr 250,-
Boka er eit sjølvstendig framhald av romanen Himmelkyss. Kjetil er blitt nitten år og er framleis på leiting. Det er to år sidan han tok farvel med Sara på ein flyplass i Egypt. Men finn ein ikkje kjærleiken, er det ikkje anna råd enn å dra ut på vegen og leita.
kr 209,-
Ein dag då hovudpersonen Henrik, 9 år, skal lese høgt for onkel Brikt i badekaret, viser det seg at boka han han funne, har berre blanke sider. Onkel sender han til biblioteket etter ei ny bok, og på vegen dit finn han ei mystisk, grøn lue. Dermed skjer noko utruleg og forferdeleg og spennande på ein gong! Oppfølging av Raudt, blått og litt gult, suksess-biletboka frå 1993.
kr 250,-
Eg-personen Kjetil er ein ung mann med uro i kropp og sjel, og med eit ferskt, svart minne som han ikkje kan rømme frå. Men for å halde ein gammal lovnad, møter han opp ved Eros-statuen på Picadilly Circus ein dag før jul, og ikkje lenge etter er han på veg til Egypt, i følgje med ei handlekraftig jente kalla Sandra. Dramatiske ting skjer både i dei to og rundt dei.
Raudt, blått og litt gult
kr 229,-
Boka fortel om moderne målarkunst til barn. I museet opplever Oda kunsten på sin eigen måte. Ho går inn og ut av bileta, og samtaler med kunstnarane: Frå Munch og Picasso til Pollock og Andy Warhol. Kunstboka som har vekt internasjonal oppsikt og som førebels har kome ut på fransk, tysk og dansk. Illustrert.
kr 250,-
Vi følgjer 16 år gamle Steve gjennom den vanskelege perioden av livet som puberteten er. Forholdet til det motsatte kjønn er noko av det mest spennande i denne perioden. Forfattaren debuterer med denne boka, der nettopp dette temaet har fått ein sentral plass.

Siste bok

24 i sekundet
kr 230,-
Ein action-komedie med futt og fart og flotte fargar!

Her kjem den etterlengta tredje biletboka som radarparet Sortland og Elling lagar saman om kunst - denne gongen om film. Hovudpersonane...

Litterære prisar

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no