Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Foto: Øystein Runde

Øystein Runde

(f. 1979) er teiknar og grafikar frå Ulsteinvik. Han gav i 2009 ut Soga om Olav Sleggja, der han har fanga tonen frå sagalitteraturen i teikneserieform, med beksvart humor og korthogne replikkar.

I Soga om Olav Sleggja møter vi trælen Olav, som står i gjeld til kong Olav Tryggvason. Han skal gjere eit siste oppdrag for kongen før han er fri: å drepe bror til kongen. Oppdraget endar med at Olav Sleggja blir lyst fredlaus. Sleggja har mykje å hemne, og etter kvart sit kroppsdelane laust rundt han. Soga om Olav Sleggja blei nominert til Sproingprisen for beste norske serie i 2009.

Øystein Runde har i tillegg til dette gitt ut albuma Bjartmann og Futen, familiesplattaren Margarin, saman med Kristopher Schau, Rundetid og De Fire Store: Når de døde våkner.

Runde bur i Oslo.

print

Siste bok

Soga om Olav Sleggja
kr 229,-
I "Soga om Olav Sleggja" møter vi trælen Olav, som står i gjeld til kong Olav Tryggvason. Han skal gjere eit siste oppdrag for kongen før han er fri: å drepe bror til kongen. I Soga om Olav...

Litterære prisar

Kultur- og kyrkjedepartementet sin teikneseriepris for barne- og ungdomslitteratur
For De Fire Store - Når De Døde Våkner.

Spirit sin teikneseriekonkurranse
Beste stripe 2001.

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no