Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Maria Parr
Foto: Siri Juell Rasmussen

Maria Parr

(f. 1981) er norsk barnelitteraturs nye superstjerne! Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho blei tildelt både Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for.

Bøkene til Parr er omsette til ei rekkje språk, og trass sin unge alder har ho alt vunne fleire litterære prisar enn dei fleste andre forfattarar gjer i løpet av eit heilt liv. Ho har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren.

Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen og studerer no ved Høgskulen i Volda.

print

Fleire bøker frå Maria Parr

Tonje Glimmerdal [lydbok på CD]
kr 249,-
Dette er lydbokversjonen av Tonje Glimmerdal, romanen som vann både Kritikarprisen, Teskjekjerringprisen og Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2009!
Vaffelhjarte [lydbok på CD]
kr 249,-
Trille er sikker på at nabo Lena Lid er bestevennen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. No får du den hjartevarme romanen Vaffelhjarte på lydbok!
Tonje Glimmerdal
kr 199,-
Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Tonjes bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to vennene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det?
Vaffelhjarte
kr 249,-
Trille er sikker på at nabo Lena Lid er bestevennen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. Nominert til Brageprisen 2005!

Siste bok

Vaffelhjarte
kr 179,-
Trille er sikker på at nabo Lena Lid er bestevennen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. Nominert til Brageprisen 2005! Trille er sikker på at nabo Lena Lid er...

Litterære prisar

Kritikarprisen
For beste barnebok, Tonje Glimmerdal.

Rasmus Løland-stipendet
Rasmus Løland-stipendet for 2010.

Brageprisen
For Tonje Glimmerdal.

Ole Vig-prisen
For Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal.

Teskjekjerringprisen
Teskjekjerringprisen for 2009.

Alfred Andersson-Ryssts fond
For Vaffelhjarte.

Nynorsk barnelitteraturpris
For Vaffelhjarte.

Kalender
Lunsj og lyrikk om Hulda Garborg:   Møt Arnhild Skre måndag, onsdag og fredag
Aktuelt
Jon Fosse, Patti Smith og Lene Kaaberbøl bokaktuelle på Samlaget
Samlagsbloggen
30.01.2012: 
Her er ein tekst om Marta Breens fine bok Rosa streker, røde tall som blei gitt ut på Manifest forlag i fjor. Eg skryt av boka, så om du ikkje gidd å lese teksten, er det berre å gå rett til kjelda. Teksten var på trykk i Bergens Tidende i går.Når Marta Breen skriv om norsk helsevesen med utga ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no