Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Finn Øglænd

(f. 1957) er frå Stavanger. Han debuterte med diktsamlinga Det opplyste landskapet i 1983 og har gitt ut bøker innafor ei rekkje sjangrar. Øglænd er òg aktiv som kritikar og essayist.

Øglænds omfattande litterære produksjon inneheld både diktsamlingar som Flammande mørke (1985), Poesi er for desperados (2001), I den kalde molda brenn eit bål (2008), romanar som Mannen utan ansikt (1985), Pariserloff (1988), Hjarteblod (1993) og barne- og ungdomsbøker som Stina på månen (2002), Amok (2004) og Svarte sjeler (2007). Hjartets protokollar (2000) er ei samling korte prosatekstar, mens Berre ikkje noko skjer frå 1999 er eit skodespel.

For forfattarskapen sin har Øglænd motteke fleire prisar. I 2000 fekk han Sunnmørsprisen for Dei penaste jentene på TV, ei bok han året etter også fekk Skolebibliotekarforeningens litteraturpris for. I 2005 fekk han Samlagsprisen, og i 2007 blei han den første til å motta det nyetablerte Rasmus Løland-stipendet frå Rogaland Fylkeskommune. Ungdomsboka Fem dagar, fire netter blei i 1998 nominert til Brageprisen og Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris.

Øglænd har gjort ein omfattande innsats som omsetjar, og har m.a. gjendikta Rutger Kopland, Charles Simic, James Wright, Hugo Claus og Eddy van Vliet til norsk.

Finn Øglænd har utdanning frå forfattarstudiet i Bø, og har vore lærar ved Skrivekunstakadmiet i Hordaland. Han bur no i Stavanger.

print

Fleire bøker frå Finn Øglænd

I den kalde molda brenn eit bål
kr 229,-
Med ærleg undring, beisk sjølvironi og rå, mørke klangar er Finn Øglænd ute med ei ny diktsamling. Dikta krinsar omkring språkløyse og kommunikasjon, om forhold mellom kvinner og menn. Dette er Øglænd på sitt beste.
Svarte sjeler
kr 189,-
Fredrik er ein sær, mistilpassa jævel. Han fornektar samfunnet, deggar for sjølvmordstankane sine og les seg surrete i hovudet.
Eksil
kr 250,-
Finn Øglænd har i mange år definert seg bort frå det ”poetiske” i poesien. Han har avdekka sin eigen tvil og desperasjon kring det å skriva modernistisk poesi på ein måte som har skrapa dei vakre orda bort.
Amok
kr 200,-
Fleirtalet av novellene har ein hovudperson som av ein eller annan grunn har ”meldt seg ut” av samfunnet, anten det er David som frivillig bur aleine på ei øy og ein dag får besøk av både sosialsjefen og ein journalist, eller Heidi som har bestemt seg for å slutte å snakke – eller Stian E som spaserer ut av skulen ein morgon utan å vende tilbake. I alle novellene set forfattaren søkjelys på outsider-posisjonen – som unge menneske lett vil identifisere seg med.
Opphav
kr 200,-
Finn Øglænd (f. 1957) debuterte i 1983, og han har sidan gitt ut ei lang rekkje bøker i fleire sjangrar; poesi, romanar, skodespel, barne- og ungdomsbøker, i tillegg til gjendiktingar frå mellom anna fransk og engelsk.
Rebell
kr 172,-
Alex er 15, og ligg ofte og søv på pulten når han er på skulen, prøver å unngå konfliktar. Han er desperat og har berre lyst å vere rebell. Oftast let lærarane han i freda, men Vegard er masete, han vil at han skal bruke "ressursane sine".
Greina brotnar ikkje
kr 250,-
The Branch will not break gjorde Wright til ein av dei mest framståande lyrikarane i USA. Den bryt med dei tidlegare meir konvensjonelle diktsamlingane til Wright.
Stina på månen
kr 200,-
Stina ligg i senga og kjenner på kor sint ho er. Ho er sint på alle, og mest på Bror. Men no skal ho stikke av, så kan dei få angre!
Dikt mot det nødvendige
kr 200,-
Dei fleste av dikta i Dikt mot det nødvendige handlar om nettopp dikt, og om det å vere poet.
Poesi er for desperados
kr 200,-
Ei samling prosalyriske tekstar frå den produktive forfattaren Finn Øglænd. Dette er dikt om det mannlege - der desperasjonen ligg under.
Så lenge alltid varer
kr 250,-
Den allsidige forfattaren Finn Øglænd har med sine ungdomsromanar dei siste åra vunne eit nytt, ungt og entusiastisk publikum. I år gir han ut boka Så lenge alltid varer, og også denne gongen er det dei ettertrakta og uoppnåelege jentene det handlar om.
Dei penaste jentene på TV
kr 179,-
Den allsidige forfattaren Finn Øglænd har med sine ungdomsromanar dei siste åra vunne eit nytt, ungt og entusiastisk publikum. I år gir han ut ei diktsamling for unge med tittelen "Dei penaste jentene på tv".
Hjartets protokoller
kr 200,-
Kortprosatekstar frå Finn Øglænd
Passe hard, passe mjuk
kr 200,-
Dette er dagen da alt skal skje, dette store, vakre, umoglege som han tenkjer på. I draumen ser han det heilt klart, for denne dagen skal dei på klassetur til Mælandstranda. Han er 15 år og forelska. Men her kjem det sørgjelege: Han er ein absolutt ukul person.
Ubotelege rørsler : dikt
kr 200,-
Sidan debuten i 1983 har Øglænd skrive både dikt, romanar, barnebøker og gjendikta fleire utanlandske poetar. Dette er hans trettande diktsamling.
Sjelefred : ei forteljing
kr 200,-
Vi møter ein mann som lever slik mange menn trur dei vil leve, han drikk øl, spelar biljard og sjekkar opp ei dame på puben. Romanen er ein hyllest til "vanlege" menneske og kvardagslivet som i all sin banalitet inneheld visse høgdepunkt.
Fem dagar, fire netter
kr 200,-
Stein skal straks fylle fjorten år, og Siv-Merethe meiner noko må gjerast for å markere at han er blitt vaksen. Stein kan tenkje seg tre ting: Det første ønsket er å komme seg vekk, det andre er å vise motet sitt og det tredje ønsket er overraskande for han sjølv.
kr 200,-
Øglænd har skrive ei samling dikt og små prosatekstar, tøysevers og nesten alvorlege vers, muntre vers og sure vers, om kongen og Gro og om alle draumejobbane ein kan tenkje seg, t.d. Her får lesaren lære mykje nytt, ikkje minst om alfabetet.
Den nye poesi-handboka
kr 200,-
Sidan debuten i 1983 har Øglænd skrive både dikt, romanar, barnebøker og gjendikta fleire utanlandske poetar. Dette er den tiande diktsamlinga hans. Tittelen seier noko om temaet; poesi og om det å skrive poesi.
kr 154,-
Øglænd har sidan debuten i 1983 gitt ut ni diktsamlingar, han har skrive romanar og barnebøker og gjendikta fleire utanlandske poetar. Denne boka inneheld eit utval av Øglænds sju diktbøker frå 1985 til 1992. Har register.
Dyra i Halvferdigskogen
kr 200,-
I Halvferdigskogen bur mange dyr. Der ligg og eit halvferdig hus der dei møtest for å avgjere viktige saker. Bjørnen er herskaren over dyra. Ein dag kjenner ikkje ulven seg som ein ulv lenger, og katten liker husvarmen like godt som skogen. No får dyra alvorlege problem å hanskast med.
kr 250,-
Barn vil kunne kjenne seg igjen i denne diktsamlinga, skriven for dei.
Underlege gjerningar
kr 200,-
Lyrikar med ein kjend tone og særmerkt røyst - ein tek sjeldan feil av tonen hans, men han maktar likevel stadig å fornye seg. I denne samlinga er det mykje humor, iblanda ironi - og sjølvironi.
Auge i stein
kr 200,-
Mange av dikta i denne samlinga søkjer seg fram til eit punkt der det ikkje er meir å seie, der diktet og poeten stilnar og lesaren står framfor eit stup - eit ingenting, ein slutt, ei opning, der det å artikulere seg altså er umogleg. Men dikta er der, dikta har gjort noko av det umoglege mogleg. Og i staden dor ei teoristyrt dikting, møter vi her ei eksistensiell krinsing kring tida, staden, livskjensla.

Siste bok

Lirum larum
kr 259,-
Utgangspunktet for den nye samlinga til Finn Øglænd er at poeten opplever å runde 50. Vissa om at han no definitivt oppheld seg i middelalderen, medverkar til å kaste både sollys og skugge over...

Litterære prisar

Rasmus Løland-stipendet
Rasmus Løland-stipendet for 2007.

Samlagsprisen
Samlagsprisen for 2005.

Skolebibliotekarforeininga sin litteraturpris
For Dei penaste jentene på TV.

Sunnmørsprisen
For Dei penaste jentene på TV.

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no