Husmor på heimebesøk
Lagt inn: tysdag 13. desember 2011
Eg har blitt intervjua i papirmagasinet PLOT, til sals på til dømes Narvesen og Ipad. Temaet for intervjuet var Kjøkenbenkrealisme, og ettersom eg i intervjuet prøver å framstille meg som ei kvinne med blogg, er det på høg tid å poste noko anna enn tidlegare publiserte kronikkar og artiklar. I dag skriv eg altså noko ekslusivt og svært husmoraktig, men litt kjedeleg bloggstoff: Eg avslører at eg er heime frå jobb for å bake og forklarer kva potaske er for noko.
I dag er eg heime frå kontoret, og det er to grunnar til dette: Den første grunnen er at eg skulle FaceTime-intervjue husmorbloggaren MagFly til boka eg held på å skrive. Det viste seg snart at omgrepet husmorbloggar var svært misvisande når det gjaldt henne, men vi hadde ein svært interessant og hyggeleg prat. Den andre grunnen til at eg skulle vere heime, var at eg skulle bake lussekattar. Må ein vere heime heile dagen for å bake lussekattar, spør du kanskje, og svaret kan ofte vere nei, men kanskje er det likevel ja viss du har tenkt å prøve deg på denne oppskrifta. I skrivande stund har eg nettopp starta på andre av seks hevingar.
I intervjuet med Plot, skryt eg av at eg skal bake sirupsnippar, og deler farmors gode oppskrift med lesarane. Ein av ingrediensane er potaske. Og det er det gjerne ingen som veit kva er. Sjølv visste eg berre at det var eit hevingsmiddel som hadde mange likskapstrekk med hjortetakksalt og natron (kvitt, ikkje pulvermalt), og som måtte kjøpast på apoteket i små, kvite plastboksar med påtrykt FARE-symbol. Sidan har eg wikipeda det, og som du kan sjå her, er ein av fordelane med potaske at du får den brune julebaksten meir sprø. Eg har sjølvsagt alt bakt to rundar med sirupsnippar i år, og sidan brukte eg like godt potaske også i peparkakene, med godt resultat.
Problemet med potaske er at det slett ikkje er sikkert at dei apotektilsette veit kva det er, og vidare kan det godt vere at dei ikkje har det inne heller. Då eg skulle bake første ladning med sirupsnippar, ringte eg rundt til ymse apotek for å forsikre meg at dei hadde den dyrebare vara før eg sende mannen min ut for å hente. Sidan oppdaga eg fjorårets boks innerst i skapet, så no har eg potaske nok til eit heilt, dansk konditori.