Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Omsorgssvikt i helsevesenet

Lagt inn: måndag 30. januar 2012

Her er ein tekst om Marta Breens fine bok Rosa streker, røde tall som blei gitt ut på Manifest forlag i fjor. Eg skryt av boka, så om du ikkje gidd å lese teksten, er det berre å gå rett til kjelda. Teksten var på trykk i Bergens Tidende i går.

Når Marta Breen skriv om norsk helsevesen med utgangspunkt i sin eigen graviditet og fødsel i 2010, er det to viktige punkt ho er påpasseleg med å understreke. Det eine er at vi trass alt er heldige i velferdsstaten Noreg, det er til dømes mykje verre i Argentina, der Marta Breens far opplevde å ikkje få behandling før sjette gongen han kom, alle seks gonger etter avtale. Det andre er at ho var heilt blank på norsk helsepolitikk då ho starta bokprosjektet. Alt på første side i boka innrømmer ho at ho ikkje har brydd seg om verken norsk helsepolitikk eller negative oppslag om det same før ho sjølv fekk bruk for norsk helsevesen då ho vart gravid første gong i 2007.  Erfaringane ho gjorde då, fekk henne til å undersøke nærare kvifor alt var som det var – kvifor så mange hyggelege tilbod for gravide og nybakte mødrer no var nedlagde, kvifor det var så vanskeleg å nå gjennom til fastlegen på telefon, kvifor ho måtte vente så lenge på viktige prøveresultat og ikkje minst – kvifor Ullevål sjukehus har blitt ein fødefabrikk der det ofte er så fullt at fødande kvinner risikerer å bli avvist eller å bli plassert i gangen, rautande gjennom heile den smertefulle opningsfasen.

På det siste spørsmålet er svaret at fødeavdelinga på Aker sjukehus vart nedlagt i 2003 av Helse Øst, grunngjeve med at folk kom til å føde færre born i åra framover, og at det i følge styreleiaren var ein generell ”overkapasitet ved fødeavdelingene.” Marta Breen påpeiker at ”overkapasitet” tidlegare heitte ”beredskap”, og at utrekningane om forventa barnefødslar ikkje slo til, snarare tvert i mot. På dei andre spørsmåla, er Marta Breens svar at foretaksmodellen som blei gjennomført på rekordtid i 2002, ikkje berre har gått ut over kvaliteten på fødetilbodet ved norske offentlege sjukehus, men at han også har gått ut over kvaliteten på det offentlege helsetilbodet generelt. Vidare viser ho at det er i ferd med å bli meir akseptert å betale seg ut av helseproblem og at private helseforetak og private apotekkjedar er mest opptatte av å tene pengar.

Korvidt dette siste er eit problem eller ikkje, kjem truleg an på auga som ser. Heile Rosa streker, røde tall er tydeleg skrive frå eit venstresideperspektiv, noko også forlaget som har gitt ut boka signaliserer. Manifest forlag er tilknytt tenketanken Manifest analyse, og på nettsida oppgir dei at dei gir ut ”samfunnsengasjerte bøker med venstreprofil”. Dei fleste bøkene forlaget gir ut, er enkelt formulerte og lett tilgjengelege både i framstilling og format, ofte forankra i både personlege erfaringar og kunnskap om politikken som skapar vilkåra for desse erfaringane. Audun Lysbakkens bok om pappapermisjon frå i haust er eitt eksempel, der Lysbakkens brukar eigen pappapermisjon som grunnlag for politisk argumentasjon for denne velferdsordninga. I 2007 gav Manifest ut Lotta Elstads bok En såkalt drittjobb, der ho brukte eigne og kollegers erfaringar frå reinhaldsarbeid i hotellbransjen til å seie noko om kor dårlege og usikre vilkår særleg tilkallingsvikarar jobba under. Denne boka skapte ikkje berre debatt, ho førte også til at ansvarleg statsråd Bjarne Håkon Hansen gjekk ut offentleg og sa at det ikkje var akseptabelt med ”ringestillingar”, og at regjeringa seinare føreslo ei lov som skulle hindre misbruk av midlertidig tilsette.  

For min del er Marta Breen venstresideforankring overhodet ikkje noko problem, eg lærte mykje av boka hennar. Eg hadde ikkje full snøring på kva eit helseforetak er for noko, men no veit eg det. Eg veit litt om kva grunnar regjeringa hadde for å ønske seg ein helsereform i 2002, og eg har fått fleire forklaringar på kvifor det ikkje har fungert etter planen. Marta Breen skriv med humor og varme, personlege erfaringar blanda med historier frå ei rekke avisoppslag skapar den nødvendige identifikasjonen for lesaren. Og sjølv om ho fleire gongar unnskyldar seg for at ho sutrar, så synest eg ikkje det er det ho gjer. Er vi ikkje alle einige om at norsk helsevesen har stort forbetringspotensiale? Då må vi jo diskutere det!

Engasjerte, kunnskapsrike, lett tilgjengelege debattbøker, ja takk. Eg skulle gjerne sett noko tilsvarande frå andre politiske leirar.

 

helsevesenomsorgssviktkjøkenbenkrealismeBTbokomtale

Skriv ein kommentar

 
 

 

 

Olaug Nilssen
(f. 1977) debuterte med romanen "Innestengt i udyr" i 1998, og har sidan skrive fleire bøker i ulike sjangrar og utmerkt seg som ei tydeleg og viktig stemme i n ...
Aktive samlags-bloggarar
Kalender
Lunsj og lyrikk om Hulda Garborg:   Møt Arnhild Skre måndag, onsdag og fredag
Aktuelt
Jon Fosse, Patti Smith og Lene Kaaberbøl bokaktuelle på Samlaget
Samlagsbloggen
30.01.2012: 
Her er ein tekst om Marta Breens fine bok Rosa streker, røde tall som blei gitt ut på Manifest forlag i fjor. Eg skryt av boka, så om du ikkje gidd å lese teksten, er det berre å gå rett til kjelda. Teksten var på trykk i Bergens Tidende i går.Når Marta Breen skriv om norsk helsevesen med utga ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no