Duglaus kone er som verk i knoklane
Lagt inn: måndag 31. oktober 2011
Tekst trykt i BT søndag 30. oktober 2011. No når vi har fått ei ny bibelomsetting, passar det bra å tulle litt med den gamle røvaren av ei bok. Lesetips er Nettbibelen og The Brick Testament, begge på internett for deg som ikkje har råd til ei trykt utgåve av den nye omsettinga.
Eg har alltid hatt eit over gjennomsnittet nært kjennskap til bibelen. Som barn las eg barnebibel med forseggjorte teikningar. Det var til dømes ei særleg fin teikning av Samson som var så sterk at han kunne rive ned eit heilt hus, og eg hugsar også godt den gigantiske Goliat, heilt over ende med skodelystne småtassar i hopetal i kring, og med Davids vesle stein i den speilblanke panna.
Eg høyrde tekstar frå bibelen både i kyrkja og på andre kristelege tilstelningar, og sjølv om dei skilde seg frå barnebibelen både i form og innhald, var eg mottakeleg for dei, kanskje først og fremst fordi dei alltid blei tolka for meg, anten av presten eller av andaktshaldaren. Og ein gong tidleg i tenåra, fann eg ut at eg måtte lese den skikkelege bibelen også, som det bokslukande barnet eg var.
Men det blei mitt første boklege nederlag. Eg måtte bryte. Eg gav meg midt i andre mosebok, om ikkje det var før. Det var sjølvsagt slektstavlene som tok knekken på interessen, saman med oppdagelsen av bibelens ofte ubegripelege form – korte sekvensar proppfulle med innhald, kryptiske ytringar, usamanhengande personregister og eg veit ikkje kva. Ikkje akkurat barnebibelen dette, nei, heller ikkje når det gjeld beskrivelsar av sex og vald, men så langt kom eg jo ikkje då eg sette i gang mitt ambisiøse prosjekt, og det er så føreseieleg å tulle med eller vere hovmodig overfor bibelens sex og vald at eg ikkje gidd.
For eg har lese mykje I Bibelen, og om eg ikkje har full kontroll på KVAR eg kan finne godsakene, så veit eg at dei finst. Og det er veldig kjekt å tulle med lovbøkene, der ein kan leite seg fram til alt det merkelege som ikkje var lov, og kva ein skulle gjere dersom ein for eksempel hadde mensen. Det er mykje om korleis ein skal slakte fuglar og korleis ein skal rope UREIN UREIN og akkurat dette siste, skulle eg ønske var allment kjent, slik at ein fekk ein klangbotn i omgjevnadane om ein skulle finne på å rope nettopp dette på bussen ein dag.
Aller kjekkast er det likevel å lese Salomos ordtøkje, gjerne høgt i festleg lag. Der kan du finne gullkorn som ”Lat meg sova litt til, ein ørliten blund / leggja hendene saman og kvila ei stund. // Då kjem fattigdomen som ein farande fant, og nauda som ein tiggar!” (I den nye omsettinga er dette endra, sjekk ut korleis på bibel.no, nettbibelen, Salomos ordtak, 6, 10-11. Gå då også litt tilbake og få med deg eit kjent sitat.) Endå betre likar eg: ”Slik ber ei trulaus kvinne seg åt: Ho et, turkar seg om munnen og seier: Eg har ikkje gjort noko gale!” men eg hugsar ikkje kvar i ordtaka dette sitatet er å finne, og eg greier ikkje finne det att, og kan dermed ikkje kommentere kva omsettarane har gjort med det. Uansett er det mykje moro om konas gode og dårlege eigenskapar i ordtaka, så det er berre å finne det fram. (Edit: etter hyggeleg telefon frå hjelpsam prest på søndag, veit eg no at sitatet er å finne i Salomos ordtak 30, 20. Har no også lært at det finst eit søkefelt på nettbibelen der ein kan leite fram bibelord ein er usikker på)
Nettbibelen er altså hermed sterkt anbefalt. Ei anna fin nettside er The brick testament. Her er ei rekke historier frå bibelen utforma i lego og presentert som fotonoveller. Teksten er direkte utdrag frå bibelen, ofte høgstemte, medan bileta sjølvsagt framstår som barnslege på grensa til det surrealistiske: Engelen Gabriel kjem til Maria saman med eit smilande legospøkelse, og forklarer at ”the holy ghost will come upon you”. Lego-Josef reagerer med forferdelse når han får vite at Maria er gravid, og strekkjer dei små lego-armane i veret. Det nyfødde Jesusbarnet sett saman av eitt gult og eitt kvitt legohovud (Luke 2:7 She wrapped him in bands of cloth, and laid him in a manger, because there was no room for them at the inn.)
Om du no skulle ha fått kyrkjekaffien i halsen fordi du mistenker at ”tulle med” er det same som ”gjere narr av”, så vil eg på det sterkaste understreke at det ikkje er slik meint frå mi side. At noko framstår som framandt og gammalmodig, betyr ikkje at du ikkje kan finne visdom og poesi. Og at bibelen forma i lego gjev ein slåande kontrast mellom høgstemt og lågstemt, betyr ikkje at historiene mistar magien sin, eg vil snarare seie tvert i mot.
Som dei kristne brukar å seie: Guds vegar er uransakelege.