MILJØVERN I KVARDAGEN
Lagt inn: tysdag 20. september 2011
Ein vil jo gjerne vere miljøvenleg.
Her er dokumentasjon på at det i helga hadde samla seg ei stor mengde papir, glas og metall i heimen vår. At det samlar seg så rikeleg papir, kjem av a) at vi får så mange aviser og b) at vi ikkje veit kva for datoar vi skal sette ut papirbossdunken. Men kva gjer vel det, når vi kan stue bosset vekk i ei bod, og ikkje sjå det? Og kva gjer vel det, når vi har bil som vi kan bruke når vi tar oss saman og bestemmer oss for at det er tid for resirkulering?
No skal eg fortelje kva det gjer: vinflaskene (eg meiner sjølvsagt vinflaskA) i glas- og metallboset var ikkje heilt tom(me). Dette ber både teppet i bagasjerommet og luftkvaliteten i bilen preg av. Og som eg alt har vore inne på i nokre av dei andre kjøkenbenkrealistiske utgreiingane mine, så køyrer vi bil kvar dag, sjølv om miljøvinsten med å vere ivrige på resirkulering, med dette går opp i spinninga.