Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Arkiv




.

ikkje mobb marte michelets baby

Lagt inn: måndag 5. desember 2011

Også eg har deltatt i debatten om debatten. Denne teksten var på trykk i Dagsavisen laurdag 3. november 2011.

Fredag i førre veke blei det kjent at ein tre månader gamal baby med Downs syndrom blei mobba på Facebook. Kommentarane var så grove og sårande at det skjer i hjartet. Og den anonyme mobbaren fekk eit klart svar: Nesten 25 000 har no meldt seg inn i Facebookgruppa ”Velkommen til verden, Ludvik”.

To dagar før var Dagbladets kommentator Marte Michelet intervjua på Dagsnytt 18 om hetsen ho har opplevd, framleis opplever og kjem til å oppleve frå det ho storsinna omtaler som ”folk som er ueinige med det eg står for”. På Laurdagsrevyen same veke, las ho høgt frå ein e-post der hennar tre månader gamle barn blei omtalt som gjørme, gjørme som helst burde forsvinne ned i rennesteinen. I dagsnytt 18 blei Michelet spurt om kvifor ho gjekk ut i media med dette. Ho svarte at ho følte behov for det norske folks beskyttelse.  

I dei siste dagane har det norske debattklimaet blitt diskutert. Eskil Pedersen, Snorre Valen og Eivind Trædal har tatt for seg ytringar som dei har meint har vore over streken, og dei meiner også at det har blitt skapt større aksept for yttarleggåande standpunkt dei siste åra. Vi er ikkje berre immune mot det mørke hatet i dagbladet.no sitt kommentarfelt, vi er også immune mot meir velformulerte ytringar i meir respekterte forum, ytringar som kanskje ikkje umiddelbart framstår som hat og sjikane, men som likevel er med på å skape større aksept for hat og sjikane. Meiner kronikkskribentane. Eg er ikkje heilt sikker på kva eg meiner om dette, og er heller ikkje sikker på om eg synest det er så lurt å leite fram gamle ytringar for å tvinge fram orsaking og bot. Eller om det er lurt å gå laus på alt som blir sagt, plukke det i stykker og tvinge folk til å stå til rette.

Likevel meiner eg at det er sant at det har blitt større aksept for hatefulle ytringar. Om eg ikkje synest dei mest framtredande Frp-politikarane sjølv går over streken, undrar eg meg over at dei ikkje tar til motmæle mot noko av det som står på Facebooksidene deira. Eg undrar meg over at ikkje fleire av avisenes faste kommentatorar tar tydeleg avstand frå hatet som blir formulert i kommentarfelta. Og eg har ofte undra meg over kvifor eg nøler så lenge før eg sjølv tar til motmæle, korleis eg har greidd å opparbeide ein så stor ignoranse overfor hat.

Då Marte Michelet skreiv kronikken ”Heretter er det personleg”, syntes eg det var ein uredeleg måte å diskutere norsk innvandringspolitikk på. Eg syntes heller ikkje det var bra at ho drog det vergelause, ufødde barnet sitt inn i debatten.  Var det grunn god nok til å akseptere, til å lukke øyre og auge for sjikanen som kom til uttrykk i kommentarfeltet?

Ludvik har Downs syndrom. Ludviks mor veit at barn med Downs syndrom risikerer å bli mobba. Ho kunne ha late vere å skrive om Ludvik på Facebook, ho kunne ha late vere å legge ut bilete av han. Ho kunne ha late vere å gjort eit offentleg nummer av mobbinga han blei utsett for. Då hadde ho ikkje fått svar frå 25000 nordmenn, som alle ønskjer Ludvik velkomen til verda.

Marte Michelet har sjølv tatt barnet sitt med seg inn i ålmenta. Ho skal likevel ikkje måtte tole at nokon skriv til henne at barnet er gjørme. Kvifor er det ikkje fleire som seier dette klart og tydeleg? Kvifor startar ikkje eg ei facebookgruppe med støtte til Marte Michelets baby?

Er det fordi eg er redd for at nokon skal tru at eg dermed er einig med alt Marte Michelet seier? Er det fordi eg er redd for at sjikanen som rammar henne også skal ramme meg? Er det fordi eg er redd for at det ikkje vil bli stor nok oppslutnad? Er det fordi eg ikkje lenger veit kvar grensene går?

Marte Michelets baby fortener eit like tydeleg svar som vesle Ludvik fekk. Eg seier det heller i papiravisa som ikkje har open kommentarmulighet: Marte Michelets baby er hjarteleg velkomen til verda!

 

 

 

dagsavisen
Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no