Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Arkiv




.

Magisk kjøkenbenkrealisme

Lagt inn: onsdag 13. juli 2011

Velkomen til min nye blogg på Samlagets nettsider! Når eg har kalla han Kjøkenbenkrealisme, er det ikkje fordi eg innbiller meg at eg skriv alvorlege, sosialrealistiske bøker i grått. Nei. Eg er ikkje Amalie Skram, og har ingen ambisjonar om å bli det heller.

Ikkje for det, eg skriv jo gjerne om små og kvardagslege tema, og karakterane mine oppheld seg rett som det er på kjøkenet. Likevel ville det nok vore meir treffande å bruke merkelappen "magisk kjøkenbenkrealisme" , "skeiv kjøkenbenkrealisme" eller "oppblåst kjøkenbenkrealisme" om mine bøker, ettersom dei også alltid er fylte av overdriving, tull og teatrale, kjensleladde utbrot.


Men denne bloggen skal berre heite kjøkenbenkrealisme. Det er først og fremst fordi eg i haust skal jobbe med ei ny bokutgjeving, med arbeidstittelen Lengten etter kjøkenbenken. I denne boka skal eg skrive om småbarnsfamiliars val og vilkår i ein travel kvardag, og sjølv om eg ikkje trur alle foreldre lengtar etter å tilbringe meir tid ved kjøkenbenken, så skal eg i alle fall ikkje legge skjul på at eg av og til gjer det. Bollebakst blir ofte nemnt som viktig og avslappande aktivitet i småbarnsfamilien, sjølv er eg meir oppteken av kor meditativt (og lett salmiakkberusande) det kan vere å vaske kjøkenvifta eller sluket på badet.

Eg skal ikkje avsløre for mykje om innhaldet i boka, verken no eller undervegs i skrivinga. Derimot skal eg dele kjøkenbenkrealistiske opplevingar frå min eigen heim og kvardag. Sjølv om eg har to vedunderlege små ungar, kjem eg først og fremst til å fokusere på trivielt husarbeid, handleturar og det stadig tilbakevendande spørsmålet om kva som er best av buss og bil.

Ettersom eg ikkje berre er kjøkenbenkrealist (det betyr eigentleg berre "husmor" og bloggen kunne like gjerne ha heitt "husmorbloggen"), men også karrierekvinne (det betyr eigentleg berre at eg ofte tar flyet mellom Bergen, der eg bur, og Oslo, der eg jobbar meir og meir) er det ikkje umogeleg at eg også deler trivielle opplevingar frå jobben. I haust vil det først og fremst vere snakk om filmpremierer og kulturrådsarbeid, men det kan også bli ein og annan skrivedag på kontoret.

Eg vil også lage nokre innlegg som eg håpar kan vere til hjelp for alle dei stakkarar som brukar bøkene mine i norsk på ungdomsskulen og vidaregåande, og desse vil eg merke med særemne. Dessutan vil eg skrive om gode bøker eg har lese, og eg kjem til å legge ut (lenker til) artiklar, kommentarar og kronikkar som har vore på trykk i ulike aviser.

Så kjære lesar, velkomen til kjøkenbenkrealisme frå Bergen og Oslo!

 

kjøkenbenkrealismesæremneintroduksjon

Skriv ein kommentar

 
 

 

 

Kommentarar

  • karina karina@nattfisk.net
    19.07.2011 11:06

    tusen hjarteleg takk for introduksjonen. eit spørsmål for å ha alt på plass her - har du ein eller to kjøkenbenkar?

  • Olaug olaugnilssen@gmail.com
    19.07.2011 21:25

    Berre ein, men han er til gjengjeld U-forma.

  • Anne Marie Baugstø-Hartvigsen anne.marie@xox.no
    24.08.2011 07:41

    Høres spennende ut, jeg er glad jeg får følge med fra starten!

  • Ellen propelle@gmail.com
    24.08.2011 13:57

    Tusen takk for fin introduksjon. Eg gledar meg til å følge med vidare. Me står sjølv i klem mellom småborna og kjøkenbenken, så temaet kan ikkje debatterast for mykje!

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no