Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Arkiv




.

Inn og bake muffins

Lagt inn: tysdag 10. januar 2012

På nyttårsafta skreiv eg om muffins versus ved i Dagsavisen. Det er nok ein forseinka kommentar til Marta Breens tekst om cupcakes frå Prosa 5/11, som eg rett nok synest har ei rekke gode poeng, men som eg likevel blir litt irritert over, og følte eg måtte forsvare meg mot. Men berre vent eit par veker, så skal eg skryte offentleg av Breens sakprosabok frå i fjor haust, Rosa streker, røde tall.

”Noen ganger skulle man ønske at man var mann.” sto det i ei bokmelding av Per Pettersons Ut og stjæle hester i 2003.

Personleg synest eg det er heilt fint å vere kvinne, og trass i stadig nye åtak på og latterleggjering av trenden, så likar eg å bake cupcakes. Kakene mine blir aldri særleg fine, ettersom eg slurvar så fælt med oppmåling av ingrediensane, men det betyr ingenting. Eg drøymer om å gå frå jobben og heim til kjøkenet for å bake mine eigne, stygge cupcakes, særleg når eg skriv reiserekningar drøymer eg om dette. Eg likar at arbeidet med kakene har fleire trinn: deigmiksing, steiking, avkjøling, pynting. Eg likar at ein kan variere kakas utsjånad, både med farge og smak på smørkremen og pynten. Eg likar å bake åleine, eg likar å bake saman med andre. Eg likar å ete kake, og eg likar å dele kake med andre. Eg trykker på liker når folk deler bilete av bakst på sosiale medier. Eg likar når folk skriv ”FARGESTOFF <3” når eg legg ut bilete av mine muffins, og eg likar at nokon har så god humor at dei pyntar ei kake med sjokoladekrem og påskrifta ”den e brun.” Og om eg brukar ein heil ettermiddag og kveld på å bake, ja, då må mannen min ta ansvaret for ungane og klesvasken åleine. I eigentida mi burde eg sikkert prioritert trening og politikk og boklesing og turar i skog og mark, men det er ikkje alltid eg gjer det likevel, gitt.

 ”Noen ganger skulle man ønske at man var mann. Når man leser Per Pettersons «Ut og stjæle hester», for eksempel, og hans beskrivelser av mannfolk som svinger øksa, feller trær, klatrer i trær, slenger seg på hester, blir slengt av hester og biter i seg smerten. Da får man så lyst til å legge fra seg sine små fugleunger av noen kvinnemuskler, som man så vidt kan løfte en vedkubbe over hodet med, og stige inn i en sånn testosteronbrusende og trefellende mannskropp.” (Tiril Broch Aakre, Dagbladet 2003)

 

I løpet av dei siste ti åra er det ikkje berre Per Petterson som har formulert eit ønske om å tre ut av eit stillesitjande og uproduktivt arbeidsliv til fordel for kroppsarbeid og sveitteringar under armane.  Hos Erlend Loe kan mennene lengte etter å få vere med å bygge landet, dei kan forlate kone, barn og draum om fliser på badet for å flytte ut i skogen.

 

Det er godt å gjere noko praktisk, det er tilfredsstillande å sjå at det veks fram eit strikketøy mellom hendene eller eit putetrekk i lappeteknikk ved symaskina. Eg kan kjenne glede av å sjå ei bolledeig heve, andre blir tilfredse av å ommøblere eller pusse opp.

 

Ein av haustens største boksuksessar er ei bok om ved. Ei bok med bilete av ei rekke forseggjorte vedstablar. Det er sikkert mange menn som likar å stable ved. Heilt sikkert mange som synest det er stas å produsere ein intrikat og symmetrisk vedstabel. Det er ikkje sikkert alle har ein stad der dei kan ha veden sin, og det er ikkje sikkert alle har bruk for han heller, men det er heilt sikkert likevel mange menn som sit ved pcen sin på kontoret og skulle ønske dei kunne ha vore heime og tømt hovudet ved hoggestabben.

 

Men uansett kor mykje ved ein mann finn på å hogge, uansett kor mykje tid han brukar på å stable og brenne, uansett kor mykje arbeidsplassen og ungane blir neglisjerte av denne hobbyen, så veddar eg tjue kroner på at ingen vil kalle interessen hans for eit tilbakeslag for likestillinga.

 

kjøkenbenkrealismecupcakeheil ved

Skriv ein kommentar

 
 

 

 

Kommentarar

  • Heidi Heidi.hovemoen@gmail.com
    11.01.2012 19:22

    Tusen takk for dette innlegget, Olaug. Så bra skrevet og tatt på kornet. Ikke det at jeg baker så mange cupcakes, men allikevel!

  • Olaug olaugnilssen@gmail.com
    11.01.2012 20:04

    Så hyggelig å høyre!

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no