Heller vakker og rik enn fattig og stygg
Lagt inn: onsdag 7. september 2011
På søndag hadde eg ein tekst på trykk i BT om Tonje Røeds nye roman Skjønne utsikter.
Lesetips: Tonje Røed, Skjønne utsikter
Tonje Røed er ein av dei norske forfattarane eg set aller høgst, trass i at ho berre har gitt ut tre bøker. Den første kom i 1999, og var ei lovande novellesamling med namnet Ferie. I 2001 kom romanen Udødelig med deg, ei kompromisslaus og grundig skildring av fornedringa og undergangen til ei kvinne som forelskar seg og ikkje vil gje slepp. Favorittsitatet mitt frå 2001 held seg framleis:
Jeg vil ikke at du skal være her, sier han. Hører du? Jeg vil være i fred. Jeg fatter ikke hvorfor du vil være her når jeg ikke vil ha deg her. Skjønner du ikke det? Har du ingen verdighet? Jeg rister på hodet. For jeg vet ikke hva Ivan mener med verdighet. Jeg vet ikke hva noen mener med verdighet, heller ikke stolthet, heller ikke selvrespekt. Slik jeg forstår det, er det bare snakk om løgn, å late som noe annet, lyve om hva man ønsker og håper på. Men jeg mener, det er iallefall ydmykende, både for en selv og overfor andre, spesielt om man skulle bli avslørt i den løgnen. Da sitter man der rødmende og med nakent blikk mens alle ser rett inn i det man prøvde så iherdig å skjule. Og kanskje man da har løyet så mye at man ikke vet hva det er, engang.
Også i årets utgjeving lar Tonje Røed hovudpersonen sin vere kompromisslaust ærleg, i alle fall overfor seg sjølv. Emma er ei norsk kvinne som flyttar til Venezuela saman med mannen sin. Han jobbar i oljeselskapet Noroil, ho dyrkar kvile og overflate, ho har i alle samanhengar fokus på det ytre:
Birthe med de lyse øyenbrynene, det tynne håret og det brede ansiktet var ikke pen, men oppførte seg som om hun var det. Også var hun jo tynn. De tykkeste var Jorid og Inger-Lise, men Emma selv var kanskje like tykk, eller tykkere enn dem. Jorid var jo egentlig ikke så tykk. Men Inger-Lise var temmelig bred over baken og veldig pæreformet, det så hun da hun reiste seg for å gå på toalettet.
Emma får sitt livs gjenombrot kva gjeld sjølvkjensle etter at ho har operert andlet og puppar. I sitatet under argumenterer ho for livshaldninga si:
Skjønnhet var forgjengelig, ja, men hva betydde det? Alt annet var jo også det. Det var øyeblikkene der skjønnheten vistes, som betydde noe. At skjønnheten ikke fantes før, eller at den ble borte igjen, var uten betydning. Den var der akkurat da, og den var det eneste alle lengtet etter. Skjønnhet var det eneste som ga virkelig mening. Det var noe alle egentlig visste, de burde ikke late som noe annet.
No må ikkje dette sitatet forvekslast med romanens bodskap. Emma er plassert i eit Venezuela med store skilnader på fattig og rik, i ei tid då dei politiske konfliktene var på brestepunktet. Når ho hengir seg til massasje, shopping, sminke, røyking, drikking og soving i slike omgjevnadar, blir det ekstra påfallande kor sjølvopptatt ho er. Plassert inn i ein norsk mediekvardag, hadde ho ikkje framstått som ekstrem, og så alminneleg er denne livshaldninga at eg ikkje er heilt sikker på om eg synest ho gjer det i romanen heller. Frå norske dameblad og nettaviser strøymer det dagleg tips om kroppspleie, anten det gjeld nyting eller askese, og det er fullt ut akseptert for norske kvinner å vere opptatt av shopping og posering. Like fullt ut akseptert er det gjerne ikkje å oppnå drøymeansiktet gjennom kirurgiske inngrep, men det er langt i frå noko tabu. Ei heller er det uvanleg at kvinner vurderer seg sjølv og veninnene sine med brutal presisjon, som Emma gjer i det første romansitatet.
Og vi synest jo vi fortener det. Emma synest i alle fall at ho fortener det, ettersom ho i Norge har opplevd å bli oversett og plaga, har kome i konflikter og vore upopulær. At ho får ei slags oppreising gjennom følelsen av å vere omsverma og populær, er både gjenkjenneleg og truverdig, sjølv om det også stadig er eit element av uforløyst begjær i romanen, både etter sex og etter endå fleire venleiksfremjande tiltak. Like gjenkjenneleg og truverdig er det når ho ikkje orkar å forholde seg til verdens elendighet, og kommenterer 9/11 med å seie at ”hun var litt lei av de kornete bildene av de brennende tårnene nå.” Jo verre konflikten i Venezuela blir, jo meir sjølvoppteken blir ho, og jo mindre greie har ho på kva som føregår. Det må ende med katastrofe, som er beskrive utan moralske peikefingrar og varsko, men med ein truskap mot Emmas meir og meir velutvikla kjærleik for det vakre.
For ein ting er den store og presise ærlegdomen i forhold til eigne behov og preferansar, det kan vere frigjerande og morosamt å lese formuleringane, på same måte som det kan vere frigjerande og morosamt å lese ”rett frå levra”-kommentarar frå anonyme nettdebattantar som ”berre seier det alle tenkjer”. Uansett er det den norske rikdomen som gjer at Emma kan tillate seg å dyrke seg sjølv og det ytre. I møte med Emma blir vi mint på kor priveligerte vi er, og vi blir mint på at samfunnsansvar er viktigare enn sjølvdyrking, same kor snusfornuftig og kjedeleg det verkar.