Å halde seg fast i barnevogna
Lagt inn: måndag 28. november 2011
Søndag 27. november skreiv eg i Bergens Tidende om utvalde emne frå Anne B. Ragde og Sandra Lillebøs siste bøker.
I Anne B. Ragdes Jeg skal gjøre deg så lykkelig møter vi ei fødselsdeprimert mor som drøymer om jobb og karriere og ikkje veit korleis ho skal ta seg av babyen sin. På bussen møter ho ein studiekamerat som ikkje kjenner henne att med det same, og ho reknar med at det er fordi ho ser ut som ei sjuske, ho har slurva med både hygiene og stil etter at ho fekk barn. Studiekameraten hjelper henne av bussen med vogna, kjenner henne att og lagar ei begeistra gjensynsscene. Når han går på bussen igjen, ser ho for seg at vogna veltar, at barnet trillar ut og blir overkøyrt av bussen.
”han hadde vinket til henne gjennom bussvinduet, smilet hans var like bredt som glasset, hun stod der og vogna stod som før, hun tviholdt i den for ikke å falle, med begge hender holdt hun, og slapp ikke.”
Ho passar på vogna, ho syter for at fantasien ikkje skal bli verkelegheit samstundes som ho treng vogna sjølv, som støtte for å halde seg på beina.
I Sandra Lillebøs poesidebut Navnet på den ensomme er frigitt, er det også ei som held seg fast i ei barnevogn:
det er fortsatt en by rundt meg
der jeg står på en bro med en hånd på rekkverket
den andre på en barnevogn
se på meg
sier jeg til de forbipasserende
jeg er helt alene nå
Sandra Lillebø skriv ikkje om fødselsdepresjon, ho skriv om einsemd, ho skriv om mødres forhold til døtre og døtres forhold til mødre. Dei to perspektiva glir over i kvarandre, og er sterkast når den vaksne kvinna lengtar etter ei mor som har mista grepet, samstundes som ho i glimt fryktar at ho ikkje skal makte å gje sitt eige barn god nok omsorg. Barnet er skjørt, vilt og framand, særleg når det er sjukt eller det er natt.
i dette huset
sover datteren min
hjortedyret
bena slår mot veggene
bare det hvite i øynene synes
(…)
I eitt av dikta føler mor seg framandgjort i eit kjøpesenter: ”jeg prøver behåer med min datter klam og apatisk / i parkdressen utenfor”. Perspektivet skiftar og dottera formanar mor: ”her står jeg og svetter av din manglende evne til å bestemme deg.” Etterpå tar dei bussen heim, og når barnet sovnar, gret mor med attlatne auge. Når det heiter ”hei, du må våkne / moren du lener deg på holder på å falle sammen”, er det ei oppmoding retta både til det sovande barnet og til mora.
Hos Ragde er historia om den deprimerte mora ei av fleire i eit tidsbilete av livet i ei blokk på sekstitalet, eit tiår då det var andre forventningar til eit kvinneliv etter ein fødsel enn kva det er i dag. Den unge mora hos Ragde ønska seg ei utdanning, men mannen føreslår barn fordi han vil ho skal bli ”sterk og moden (…) og ikke så fordømt avhengig av alle mulige andre (…)”. No blir han uvel av den skitne leiligheita, den vonde maten, den sløve og kvalme kona. Med barnet har ho valt seg eit tilvere som heimeverande husmor, men ho orkar ikkje lage mat og gjere husarbeid og veit ikkje korleis ho skal ta seg av ungen. Og det hjelper ikkje at ho held seg fast i barnevogna, ungen er ein baby som ikkje kan halde henne på føtene, det skal og må vere omvendt.
I dag er det ein heilt annan openheit om kva slags vanskelege kjensler som kan oppstå hos foreldre. Eit barn gjer deg ikkje alltid sterk berre fordi du har født det sjølv, du blir ikkje automatisk rakrygga og handlekraftig av å halde handa på ei barnevogn. Vi veit det, helsevesenet veit det, og dei følgjer med og ringer til deg om babyen din uteblir frå kontroll. I Ragde sin roman blir historia om fødselsdepresjonen ein del av eit større bilete, der ulike former for omsorgssvikt blir belyst og forklart, både som ein konsekvens av rammene frå dåtidas krav, men også attkjenneleg som noko som like gjerne kunne hendt i dag.
Hos Sandra Lillebø er omsorgssvikta heile tida til stades som ein mulig konsekvens av einsemda. Mor er sliten, mor er einsam, mor er lei seg, mor lir av forfølgingsvanvit. Men mor må bere ansvaret likevel:
med munnen full av grus
løper jeg hjem
med ungen min på armen
jeg kan passe datteren min, jeg