Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Jan Roar Leikvoll
Foto: Silje Holte

Jan Roar Leikvoll

(f. 1974) debuterte med romanen "Eit vintereventyr" i 2008. Med "Fiolinane" (2010) stadfesta han at han er ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur.

Bøkene til Leikvoll er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert med nådelaus realisme. Leikvoll er ein original forteljar som tør å gå heilt eigne vegar, og for dette har han hausta unison ros frå kritikarar og lesarar: Eit vintereventyr blei omtalt som ein «mirakuløs debut», mens Fiolinane har blitt kalla eit «mesterverk».

Hausten 2010 blei Leikvoll tildelt Sigmund Skard-stipendet for det som er starten på ein original og viktig forfattarskap. I grunngjevinga frå juryen heitte det m.a. at Leikvoll har på truverdig og effektfullt vis smelta saman det vonde og det vakre, og vi kan ikkje unngå å bli rørt av dei spørsmåla som bøkene hans stiller. Juryen ser fram til at Jan Roar Leikvoll skal skape nye spennande og originale litterære univers.

Leikvoll er frå Frekhaug i Nordhordland og har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland.

print

Fleire bøker frå Jan Roar Leikvoll

kr 129,-
Eit vintereventyr utspelar seg i ein arbeidsleir. I eit brutalt og rått kvardagsliv lengtar hovudpersonen etter å bli elska. Håpet om at kjærleiken finst der det finst menneske, same kor forferdelege ting som skjer, tar all plass i tankane hans.
Fiolinane
kr 359,-
Jan Roar Leikvoll fekk stor merksemd for debutboka Eit vintereventyr, og med si andre bok viser han seg nok ein gong som ein original forteljar som tør å gå heilt eigne vegar.
Eit vintereventyr
kr 329,-
Eit vintereventyr utspelar seg i ein arbeidsleir. I eit brutalt og rått kvardagsliv lengtar hovudpersonen etter å bli elska. Håpet om at kjærleiken finst der det finst menneske, same kor forferdelege ting som skjer, tar all plass i tankane hans.

Siste bok

Fiolinane
kr 129,-
Jan Roar Leikvoll fekk stor merksemd for debutboka Eit vintereventyr, og med si andre bok viser han seg nok ein gong som ein original forteljar som tør å gå heilt eigne vegar....

Litterære prisar

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no