Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Per Olav Kaldestad

(f. 1947) er forfattar og organisasjonsmann. Han debuterte med diktsamlinga Kikkert i 1973 og har sidan skrive ei lang rekkje bøker i dei fleste sjangrar, både for vaksne og barn.

Kaldestad er i dag mest kjend for sine barnebøker, men har ein lang forfattarskap bak seg, der eit av kjenneteikna er stor variasjon. Kaldestad turnerer uanstrengt mellom ulike stilartar, og skriv like gjerne gammalengelske sonettar som ramsalt, vestlandsk ferjekrim.

Kaldestad har gjort mykje for å fremje kunnskap om norsk barnelitteratur, m.a. som medredaktør for Årboka for barne- og ungdomslitteratur og bildeboknettverket Ord & Bilde. Han har òg vore formann i organisasjonen Norske Barne- og Ungdomsforfattere.

For boka Sola klappar meg fekk Kaldestad i 1993 Æresliste-diplom Pier Paolo Vergetio (Europeisk barnebokpris). I 1997 mottok han Samlagsprisen, og i 2001 fekk han Askeladdprisen for sin forfattarskap og for arbeidet med Årboka for barne- og ungdomslitteratur.

Kaldestad er utdanna cand. philol., men er i dag forfattar på heiltid. Han bur på Stord. 

print

Fleire bøker frå Per Olav Kaldestad

Denne jorda eg bur på
kr 200,-
Denne andre diktsamlinga for barn av Kaldestad er inndelt i kapitla: Sommardagbok, Mamma syng, og bestemor syng, og oldemor, og Denne jorda eg bur på.
Waterloo
kr 250,-
Ei reisebok, innover og tilbake, med Radio Luxembourg og Melodi Grand Prix som leietråd, tek oss med sørover i Europa. Dei tre forfattarane har skrive ei ny særeigen reisebok. Her møtte Napoleon sin lagnad. Og her måtte vi vår. På vår eigen indre marknad. På slagmarka der tonane frå Radiostasjonen gjekk sigrande ut. Stasjonen der vi steig på for aldri å vende tilbake. Tidlegare har forfattarane gitt ut country-reiseboka: Langs kvar ein veg, og den musikalsk-litterære reiseboka frå Irland: Vegen til Navan. Illustrert.
Dikt i utval : 1973-1993
kr 150,-
Boka er eit utval av Kaldestads poetiske produksjon for vaksne frå 1973 til 1993. Sentralt i forfattarskapen er den sanselege gjenskapinga av sterke augneblinkar, anten det er eit lauv som faldar seg ut i våren eller to elskande som faldar seg ut for einannan. Den lyriske røysta har ofte klangbotnar frå både popkulturen, songskatten og den litterære tradisjon. Har tittelregister.
kr 200,-
Den gode poesien handlar om å ta ordet på grensa mellom det kjende og ukjende, mellom den talande orden det blir venta at vi skal bevege livet vårt i, og den rablande uorden kvar einaste augneblink blir oppfatta i. Eit slåande godt døme på god poesi. Om nokon i tillegg skulle ønskje seg ein dansande poesi, er dei her komne til den rette staden. Kaldestad kjem her med si sjuande diktsamling, der songen og dansen møter den kompromisslause refleksjonen. Han stadfester med dette sin sentrale plass i nyare norsk poesi.
Vegen til Navan
kr 250,-
Ei musikalsk-litterær reisebok frå Irland, der forfattarane følgjer i Joyces fotefar i Dublin og dreg ut på vegane, til Doolin og Drumcliff - og til det mytiske Navan. Med smånoveller, dikt og songar, intervju, sitat og fotografi gir forfattarane sitt bilete av landet, med irsk øl til.
kr 200,-
Denne boka tek lesaren med inn i tankane og draumane til to unge, medan dei opplever korleis verda deira utvidar seg. Tankane og draumane blir verkelege, og lesaren blir oppmoda til å gå vidare sjølv.
kr 216,-
Diktsamlinga insisterer på at livet må forsvarast mot systemet, erotikken mot tilstivinga, blikket mot nedsløvinga, vitaliteten og kjærleiken mot tomleiken og døden. Med teikningar.
Langs kvar ein veg
kr 250,-
Ei country-reisebok med tre stemmer, tre solistar som også skaper eit kor i teksten. Tre forfattarar, med musikken til Hank Williams, Elvis Presley og Gram Parsons i kofferten, har teke turen over Atlanteren på vandring i dei gamle mytane og nokre nye som dei sjølve fann. Illustrert.
Naken er fjorden
kr 300,-
Kriminell heltesoge frå fjordane i vest. Heltinna rører seg freidig over sidene med ferjetrafikk, kommunal pornografi og korrupsjon. Både tankane - og formene - er i orden ...
kr 250,-
Om du synest det ikkje er nok stjerner på himmelen, er det ikkje anna å gjera enn å laga ein høg stige og gå opp med nokre stjerner til. Det handlar altså her om å ta sakene i eigne hender. Sjå seg om, og tenkja sitt. Finna ord for det du ser og tenkjer. Ja, kanskje nokon kvar må rikka på seg då?

Siste bok

Når morgonfrosken syng
kr 189,-
Godt å ha ein kjærastog ha nok av tidog å ha ei saftigmyr å dukka i.

Her handlar det om frosken, ja, men også om auren som gaper og syng si takk til bekken og om kråka som seglar mørk og stor...

Litterære prisar

Askeladdprisen
Askeladdprisen for 2001.

Samlagsprisen
Samlagsprisen for 1997.

Æresliste-diplom Pier Paolo Vergetio (Europeisk barnebokpris) i klassen for poesi
For Sola klappar meg.

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no