Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Mette Karlsvik
Foto: Tove K. Breistein

Mette Karlsvik

(f. 1978) debuterte i 2005 med romanen "Vindauga i matsalen vender mot fjorden", som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Ho har sidan skrive både for barn og vaksne, og til fulle vist at ho er ein av dei mest spennande unge forfattarane i Noreg.

I romanen Flytårn (2007) møter vi flygeleiaren ved Kvernberget flytårn. Han har utsikt over alt og gode kunnskapar om meteorologi, geografi og samfunnstilhøva i området – men har han innsikt nok til å forstå kone og barn? Romanen Pol kom i 2008, og barneboka 1-2-TRE! i 2009. Felles for bøkene er at dei er skrive i glitrande og energisk språk.

Karlsvik er frå Frei på Nordmøre, men flytta tidleg derfrå for å gå det idealistiske gymnaset United World College. Sidan fekk ho bachelorgrad i biletkunst frå Glasgow og bachelorgrad i journalistikk frå Universitetet i Bergen. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland, og har hatt vikariat som journalist for Morgenbladet, Bergens Tidende, D2 (DN) og Tidens Krav.

Karlsvik bur i Oslo.

print

Fleire bøker frå Mette Karlsvik

1–2–TRE
kr 229,-
I Mette Karlsviks første barnebok følgjer vi Asta, Guro og Linnea gjennom ein heil sommar. Det er ei forteljing om vennskap og uvennskap, samhald og einsemd, full av dramatikk og humor og fargerike karakterar.
Pol
kr 319,-
Pol er ein roman med sprettande tekst som vekslar mellom fjella omkring Bergen og glashuset i sentrum, mellom familieliv og ålmente, embetsstudium, og frilansjournalistikk.
Flytårn
kr 269,-
Flytårn er ei historie om utvandring og innvandring, om dei som fer fordi dei er usikre på seg sjølv, og dei som trufast blir igjen – og blir sjuke.
Vindauga i matsalen vender mot fjorden
kr 250,-
Munnen til mor fraus som fjorden. Eg var tung nok til å bryte isen. Men eg måtte ikkje bråke. Isen blei tjukkare. Eller var det eg som blei tynnare?

Siste bok

Bli Björk
kr 369,-
Denne vidunderleg originale romanen om den mest profilerte familien på Island, startar med far til Björk, som er elektrikarlærling og seinare fagforeiningsmann. Den strekkjer seg fram til Björks...

Litterære prisar

Tarjei Vesaas' debutantpris
For Vindauga i matsalen vender mot fjorden.

Kalender
Lunsj og lyrikk om Hulda Garborg:   Møt Arnhild Skre måndag, onsdag og fredag
Aktuelt
Jon Fosse, Patti Smith og Lene Kaaberbøl bokaktuelle på Samlaget
Samlagsbloggen
30.01.2012: 
Her er ein tekst om Marta Breens fine bok Rosa streker, røde tall som blei gitt ut på Manifest forlag i fjor. Eg skryt av boka, så om du ikkje gidd å lese teksten, er det berre å gå rett til kjelda. Teksten var på trykk i Bergens Tidende i går.Når Marta Breen skriv om norsk helsevesen med utga ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no