Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Grete Kleppen

(f. 1953) er frå Molde og bur i Frankrike. Ho debuterte skjønnlitterært med romanen Ada i 1998.

Kleppen har omsett fleire bøker frå fransk, mellom anna romanar av Hélène Cixous, og i 2007 fekk ho Bastianprisen for omsetjinga av Blendverk. Opphavlege scenar. Kleppen omsette den mykje omtala boka Kort historie om framtida av Jacques Attali i 2009, og i 2010 kom omsetjinga av Lubna Ahmad al-Husseins 40 piskeslag ut til gode kritikkar.

Som skjønnlitterær forfattar er Kleppen ein leikande og fantasifull forteljar. I metaromanen Ada (1998) lèt ho førestellinga om livet som forteljing vere grunnlag for eksperimentering, mens ho i H (1999) tèk utgangspunkt i ei reise og utforskar roller og identitet. I Blå fuge for far min (2010) gir ho eit varmt portrett av far sin, gjennom å skildre små episodar frå barneåra i Molde.

print

Fleire bøker frå Grete Kleppen

H : roman
kr 300,-
Hovudpersonen i denne romanen heiter H, ein gåtefull person med skodespelarrøynsle og ein elles tvitydig bakgrunn. Ho er på veg vekk til noko nytt, eit nytt liv i Frankrike. Ankerfesta i det nye tilværet skal vere nokre av dei personane ho har brevveksla med i lang tid. Når uventa møte grip inn i dei møta ho har planlagt, blir H implisert i avgjerande rollespel, der ho både skaper teksten sjølv og går inn i ein annan sin tekst.
Ada : roman
kr 0,-
Boka handlar om Ada som samlar livshistorier. Historiene hentar ho frå ulike miljø og personar. Sjølv er ho ein sakleg person med ein avbalansert avstand til dei ho bruker i prosjektet sitt. Men under forteljinga ligg historia om å leite etter meiningar og samanhenger i livet.

Siste bok

kr 359,-
I små episodar frå barndomsår i Molde gir Grete Kleppen eit varmt portrett av far sin.

Han var skomakar og ein svært sentral person i musikklivet i småbyen. Faren og musikken pregar...

Litterære prisar

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no