Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Are Kalvø

(f. 1969) kjem frå Stranda og er ein av verdas største nynorsk-humoristar. Dette har han dokumentert gjennom ein lang karriere som forfattar, radioprogramleiar, avisspaltist og stå-opp-komikar.

Dei populære bøkene hans er samla mellom tre permar i Greatest hits vol 1 – the early years (2003), Greatest hits vol 2 – the golden years (2004) og Greatest hits vol 3 – the travelling years (2009). Her er satiriske perler som m.a. Kunsten å vere neger, Bibelen 2, Syden og Våre venner kinesarane tilgjengeleg for lesarane i praktiske utgåver med bonusmateriell.

Kalvø er utdanna cand.mag. med mellomfag i sosiologi og grunnfag i statsvitskap og kunsthistorie. Han har arbeidd fulltid med humor og satire sidan 1994, hovudsakleg som kåsør, tekstforfattar og programleiar i NRK, men òg som stå-opp-komikar, forfattar av satiriske bøker og fast spaltist i Arbeiderbladet/Dagsavisen sidan 1992.

Han har fått fleire prisar, bl.a. Sigmund Skard-stipendet i 2001 og Kringkastingsprisen i 2005.

print

Fleire bøker frå Are Kalvø

Våre venner kinesarane
kr 369,-
Are Kalvø kom til Noreg omtrent samtidig med kinarestaurantane. På den tida hadde Noreg éin tv-kanal, alle nordmenn såg heilt like ut, og folk åt i fullt alvor blodpølse til middag.
Norsk humor
kr 369,-
Dette er den store oversikta over norsk humor – frå Holberg til Jon Almaas. Er du i tvil om kva som eigentleg er morosamt, får du her hjelp av to med med særs god teft og smak, Are Kalvø og Christine Hope.
Nød (2. utg)
kr 129,-
"Are Kalvø har ved glup begrepssjonglering nærmest skapt et nytt språkpar: Viktig og vittig. Viktig uten gravalvor, vittig uten flåseri."Terje Stemland, Aftenposten"Med sin historie om Lottomillionærer for Afrika klarer Are Kalvø, på helt absurd vis, å gjøre nødhjelp både morsomt og viktig på en gang. Nød anbefales herved varmt."Anders Sundnes Løvlie, Dagsavisen
Nød
kr 379,-
"Då eg var femten, stal eg pengar frå svoltne ungar i Etiopia."
Greatest hits vol 2
kr 269,-
Det er ikkje ei kraftig overdriving å seie at Are Kalvø dominerte norsk kulturliv i åra rundt tusenårsskiftet. Ei overdriving er det sjølvsagt. Fullstendig urimelig, faktisk. Men kraftig?
Greatest hits vol 1
kr 269,-
Tre av Kalvøs nittitalsverk er no samla mellom to permar. Det er vel inga overdriving å seie at ein dermed har spart ein god del perm. Tidlegare utselde klassikarar er endeleg å få tak i att, til glede for gamle og nye lesarar.
Bibelen 2
kr 279,-
Are Kalvø er endeleg tilbake med ny bok, og er i tospann med teiknaren Steffen Kverneland meir satirisk og morosam enn nokon gong! Kva ville skjedd dersom Jesus kom tilbake i år 2002, og kva ville media brukt denne hendinga til? Og kommunikasjonsrådgivarane? I korte trekk er dette utgangspunktet for forfattar Are Kalvø og teiknar Steffen Kvernelands elleville harselas over Noreg og nordmenn anno 2002.
synd.no
kr 0,-
Keisemd, sinne, gjerrigskap, hovmod, begjær, misunning, fråtsing.- Ein moderne og annleis antologi.- Korte, presise refleksjonar og observasjonar om sentrale aspekt ved det moderne tilværet.- Seks skjønnlitterære forfattarar og ein prest set dødssyndene inn i samtida vår.- Tekstane er bilete av vår tidsånd og levemåte.
synd.no
kr 300,-
Å føle eit uhemma begjær strøyme gjennom kroppen, å vere litt misunneleg når du treffer ein av dei irriterande gutane du gjekk på gymnaset saman med, som no har slått seg litt opp, eller å bli skikkeleg sint på til dømes dei ekle brørne sine - er det synd eller er det rett og slett sunt?
Kunsten å vere neger. Billigutgåve
kr 120,-
Ei lærerik satirebok som tek folks framandfrykt på alvor og fortel negrar i Norge korleis dei bør oppføre seg for ikkje å skremme og/eller skuffe dei innfødde. No i billigutgåve!
Harry
kr 250,-
Are Kalvø med landets mest harry bok.
Absolutt Oslo. Billigutgåve
kr 88,-
Forfattaren av denne boka har kome til Oslo som innflyttar. Boka er ein humoristisk guide til dei som tenkjer på å flytte til Oslo, innfødte Oslobuarar, innflyttarar som har budd der lenge, og dei som treng å sjå byen på andre måtar. Billigutgåve
Men fjernkontrollen min får du aldri
kr 250,-
Du har sett på tv. No kan du lese boka.Men fjernkontrollen min får du aldri er ei satirisk bok om media. Are Kalvø går bak fasaden, bak overskriftene, bak maska, mellom linjene, under overflata, gjennom mørket og bak skjermen for å avsløre avslørande journalistar, grave ned gravande journalistar og teste forbrukartestarane.Boka tar deg med gjennom dei fleste mediesjangrane og er historias første nynorskbok med eigne talkshows, eigen såpeopera og eiga hallodame.
Kunsten å vere neger
kr 250,-
Dette er ei lærerik satirebok som tek folks framandfrykt på alvor og fortel negrar i Noreg korleis dei bør oppføre seg for ikkje å skremme og/eller skuffe dei innfødte. Her får framandkulturelle mellom anna lære: kunsten å bli ein norsk idealneger; kunsten å vere eksotisk utan å skremme minstepensjonistar; kunsten å vere ein likandes kvardagsneger; kunsten å vere neger i ulike norske landsdelar; kunsten å leve opp til negerforventningar frå bøker, tv, poptekstar m.m.
Store nordmenn
kr 162,-
Humoristisk og satirisk oppslagsverk, leksikalt ordna, over medienordmenn, kulturnordmenn, pop-nordmenn, idrettsnordmenn, pengenordmenn, religiøse nordmenn, vismenn, politikarar og store norske opprørarar og eventyrarar frå Thor Heyerdahl til Karsten Isachsen. Boka har tips og råd til den som har ambisjonar om å bli ein stor nordmann. Dessutan har ho register og er illustrert med avslørande foto.
Absolutt Oslo
kr 159,-
Forfattaren av denne boka har kome til Oslo som innflyttar. Boka er ein humoristisk guide til dei som tenkjer på å flytte til Oslo, innfødte Oslo-buarar, innflyttarar som har budd der lenge, og dei som treng å sjå byen på andre måtar. Alt du treng å vite om Oslo, alt du trudde du visste, og alt du ikkje visste du trudde. Ein guide til storbyjungelen, illustrert med foto. Kalvø fekk "årets frilansar"-pris i 1994 bl.a. for denne boka.

Siste bok

Greatest hits vol 3
kr 299,-
Endeleg kjem Are Kalvøs Greatest hits vol 3, som Kalvø-fans over heile landet har venta på!

Samlinga inneheld tre bøker som alle fortel om reiser med gode formål:

    ...

Litterære prisar

Kringkastingsprisen
Kringkastingsprisen 2005.

Sigmund Skard-stipendet
Sigmund Skard-stipendet for 2001.

Wesselprisen
Wesselprisen for 1999.

Oslo by sin kunstnarpris
Oslo by sin kunstnarpris for 1998.

Scheibler-legatet sin heiderspris
Scheibler-legatet sin heiderspris for 1997.

Vinjeprisen
Vinjeprisen for 1997.

Årets frilansar
Årets frilansar 1995.

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no