Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

 Janosch

Pseudonym for Horst Eckert.
print

Fleire bøker frå  Janosch

Eplemos mot kjærleikssorg
kr 156,-
Den vesle tigeren har kjærleikssorg på grunn av Maya Papaya. Men den vesle bjørnen veit råd mot slikt: Det er eplemos som skal til!. Og så får vi oppskrift på eplemos, og utover i boka kjem det fleire oppskrifter: På kokte poteter, salat, kvitlauks-bjørnesuppe, risengrynsgraut og bekkeaure med mandelkjernesaus. I høgste grad tilrådd for tiger- og bjørnemødrer. Og for små tigrar, slik at dei kan prøve å finne seg ei sorg.
Tigeren lærer å telje
kr 172,-
Vi blir med tigeren og bjørnen ut i verda og lærer å telje frå ein til over tretti.
kr 200,-
Den vesle tigeren seier: "Eg har no fødselsdag ein av dagane, bjørn". Altså må dei halde stort selskap. Og alle må komme. Men det er litt av ein kunst å lage til eit slikt flott selskap, for det må bli ugløymande. Gunder Kasse-frosk viser oss korleis det kan gjerast. For vi lærer ikkje berre for livet - men også for neste selskap. Og det skjer her og no med denne framifrå forteljinga. Og sidan kvar og ein av oss faktisk har fødselsdag ein dag, er det godt å vite korleis eit slikt selskap skal vere.
kr 200,-
Inneheld tre forteljingar av Janosch: Til Panama, til Panama er forteljinga om da den vesle tigeren og den vesle bjørnen reiste til Panama. I Kom, la oss finne ein skatt kan du lese om da den vesle tigeren og den vesle bjørnen leitte etter den største lykka på jord. Les også om korleis den vesle bjørnen og den vesle tigeren fann opp både brevposten, luftposten og telefonen i Tigerpost. Illustrert.
Til Panama, til Panama
kr 145,-
Forteljingar om den vesle tigeren og den vesle bjørnen.

Siste bok

Med tigeren og bjørnen til Panama
kr 299,-
Dette har vi venta på så lenge: Ei tjukk og feit bok med dei beste historiene om tigeren og bjørnen, for første gong samla mellom to permar!

Samleboka inneheld:Til Panama, til...

Litterære prisar

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no