Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Olav H. Hauge
Foto: Jan Kløvstad

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (1908 -1994), vår fremste norske lyrikar i etterkrigstida, var både klassisist og modernist. Vi feirar no at det er 100 år sidan hans fødselsdag. Han debuterte som forfattar i 1946.

Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ”ein vanleg arbeidsmann”. I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane.

Sjå nettsidene for Hauge-Tveitt jubileet 08 - www.ht08.no

Sjå Venelagets heimeside

Sjå http://www.forfattar.net/olavhhauge/

print

Fleire bøker frå Olav H. Hauge

Dagbok
kr 299,-
Frå han var 15 år og fram til veka før han døydde, førte Olav H. Hauge (1908-94) dagbok.
kr 399,-
Olav H. Hauge (1908-1994) debuterte i 1946 og blir rekna som ein av våre fremste lyrikarar frå etterkrigstida.
Når tussalusi kviskrar
kr 250,-
I år er det 100 år sidan Olav H. Hauge vart fødd, og i høve jubileet har Inger Lise Belsvik illustrert eit utval av dikta hans. Når tussalusi kviskrar er både ei høgtlesingsbok for dei minste og ei biletbok som dei større kan studere på eiga hand.
Dikt i samling (8. utg)
kr 149,-
Dikt i samling inneheld sju av diktsamlingane til Hauge frå perioden 1946 til 1988.
Lagnaden gjer mange til heltar
kr 229,-
Olav H. Hauge (1908-1994), vår fremste norske lyrikar i etterkrigstida, var både klassisist og modernist. Han gav ut i alt seks samlingar med eigne dikt, var ein genial gjendiktar, mens brevsamlingar og dei monumentale dagbøkene syner at han også var ein stilsikker prosakunstnar. I fembandsverket Dagbok 1924-1994 vrimlar det med sentensar, ordtak, sitat og fyndord. Hauge forma sjølv hundrevis av eigne aforismar - her presenterer vi eit mindre utval.
Dikt i umsetjing (3. utg)
kr 359,-
Olav H. Hauge (1908-1994) er rekna som vår fremste lyrikar i etterkrigstida. Han gav i alt ut seks diktsamlingar, og samleutgåvene omfattar meir enn 400 dikt. Samstundes var han ein av våre fremste og mest originale gjendiktarar.
Skogen stend, men han skiftar sine tre
kr 152,-
Olav H. Hauge (1908-1994), vår fremste norske lyrikar i etterkrigstida, var både klassisist og modernist. Han gav i alt ut seks samlingar med eigne dikt, var ein genial gjendiktar, mens brevsamlingar og dei monumentale dagbøkene syner at han også var ein stilsikker prosakunstnar.
Dagbok 1924-1994
kr 2 859,-
I 84 hefte - frå mars 1924 då han var 15 1/2 år til mai 1994 veka før han døydde - førte Olav H. Hauge dagbok. Med eit tidsspenn på 70 år og eit omfang på 4000 sider er Hauges litterære dagbok også i fysisk forstand blant dei mest omfattande i verdslitteraturen.
Mange års røynsle med pil og boge
kr 359,-
Hauges utvalde dikt med eineståande opptak.
Dikt i samling (7. utg.)
kr 400,-
SkjerDet er mange skjer i sjøen.Likevel vart deteit skjersom vart frelsa di. Dette Haugediktet stod opphavleg i den legendariske Dropar i austavind , ei diktsamling som kom i 1966 og som på mange vis vart eit gjennombrot for denne særeigne skalden.
Det er den draumen
kr 189,-
Diktsamlinga inneheld nokre av dei mest kjende dikta til Olav H. Hauge. Dei er valde ut av Bodil Cappelen, som også har skrive forordet.
Brev 1970-1975
kr 369,-
Boka er soga om biletkunstnaren Bodil Cappelen (f. 1930) og forfattaren Olav H. Hauge (1908-1994) fortald gjennom deira eigne brev, frå ho skreiv til han i februar 1970 og fekk svar, til dei møttest første gongen i juni 1974.
Dikt i samling (6. utg.)
kr 328,-
Olav H. Hauge blir rekna for den fremste av norske lyrikarar som har stått fram i åra etter krigen. Han debuterte i 1946, og har gitt ut ei rekkje diktsamlingar. I tillegg til eigne dikt har han gjendikta frå fransk, engelsk og tysk lyrikk. Boka inneheld utdrag frå sju av diktsamlingane til Hauge frå perioden 1946 til 1988.
kr 354,-
Sidan debuten i 1946 har forfattaren gitt ut 7 diktsamlingar. Her er dei alle, i ny og auka utgåve.

Siste bok

Brev
kr 299,-
Biletkunstnaren Bodil Cappelen hadde berre møtt den sky poeten gjennom diktinga hans, då ho i februar 1970 skreiv sitt første brev til Olav H.Hauge. Ho fekk svar, men dei møttest først i juni 1974....

Litterære prisar

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no